Amfi og meir til

Share

I kveld var det kommunestyremøte i Valle. Det starta med ei lang orientering frå rådmannen om situasjonen når det gjeld pleie og omsorg i kommunen. Rådmannen hadde fått ein konsulent til å halds sjølve orienteringa, det vert no laga ein strategiplan for dette etter at kommunestyremøte hadde bede om å få det til aprilmøtet. I orienteringa fekk vi høyre at utkastet til ny lov her no var klart for høyringsrunde, og at ein del av det som låg i den nye loven ikkje var kome med i strategiplanen, slik den lå klar til vedtak i kveld.

Seinare i møtet vart det vedteke å utsetje saka, så det vart ikkje noko stor drøfting i kveld. Likevel var det turvande med gruppemøte for Arbeidarpartiet, og då nytta dei andre partia høvet til å ha ein liten kaffipause. Dermed for alle vaflane og kaffien før møtet var slutt, noko som ikkje alle var like glade for. Terningkast 1 høyrde eg i korridoren etter møtet. Det kom ikkje ut på radioen.

Det er altså noko ein går glipp av om ein ikkje møter opp på sjølve møtet. Stemninga og praten i pausane er ikkje lett å formidle på radio, så sjølv om det er lettvint å få med seg ein del via radioen, vil eg rå folk som er interesserte i politikk til å ta turen til kommunestyresalen siste onsdag i kvar månad for å oppleve møtet live, som det heiter på nynorsk.

Utanom programmet vart det vedteke eit framlegg som vil føre til at det kjem amfi i Storstoga. På saklista stod det ei sak om diverse utbetringar, og Gunn Lien nytta høvet til å ta opp forslaget om å få amfi i salen. Ho fekk eit samrøystes vedtak, så no kan folk gle seg til gode stolar og mindre stabling i framtida. Ho trudde knapt sine eigne augo då ho såg at det vart samrøystes. Og ikkje lenge etter var det kommentar på Facebook frå folk som gledde seg med henne og kulturlivet generelt over at ei lenge etterlengta oppgradering no kunne kome på plass. Om det vert ein realitet, vert det nok råd med vaflar ein annan kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *