Fin reportasje i Setesdølen

Share

I dag var det ein fin reportasje i Setesdølen om påskebasaren til Valle Radio. Ole Birger Lien hadde fått med seg at det i løpet av dei to kveldane kom inn 2600 telefonar og meldingar i tillegg til det som kom av respons via Faacebook og mail. Ørnulf fortel at det som redda sendingane i år, var at svært mange valde å følgje radioen via internett. Eg var ein av dei som høyrde på sendingane via streaminga. På det meste var det 125 som gjorde det samstundes, etter det statistikken synte då eg kom i radioen tysdagskvelden.

Men eit tjuetal medarbeidarar og like mange datamaskinar i sving, så var det ein stor innsats som vart lagd ned i påskebasaren. Jon Tellefsen vann dalebuksa. Seks bilete klarte Ole Birger å få med i reportasjen, både programleiarar, teknikarar og andre var med på bileta. Mange bliete frå sendinga var og lagde ut på Facebook, så påskesendinga 2011 vart godt dekt med bilete der og. Mange var det og som kjøpte lodd via Facebook.

Resultatet vart altså 165.000 kroner, som er noko mindre enn i fjor. Men det er grunn til å takke alle som var med i loddkjøpet. Utan loddsal ville sendinga ikkje gitt den støtta til å drive radioen som den no gjer. Utan loddsal ville det knapt nok vore noko sending.

Vel blåst og takk for innsatsen til alle som var med.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *