Fjell og toppar i Bygland og Valle

Share

I veka som gjekk kom eg til å skrive ein liten stubb om Vide lega på Setesdalswiki. Det står ei gjetarbu frå 1932 der. Artikkelen finn du her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Vide_lega Før den bua kom opp, var det ei bu som var så lita at ein måtte ligge på skrå for å strekkje seg ut der. Eg lagra artikkelen utan bilete, men då eg kom på nettet i dag tidleg, hadde Reidar Tveito lasta opp eit bilete av bua frå 1932. Eg var ikkje sein om å legge det inn i artikkelen, så når du les han, kan du sjå den noverande bua der.

Litt ut på dagen i dag lasta han så opp eit bilete av Skeisknuten, som er det høgaste fjellet i Årdal sokn i Bygland vest for Otra. Eg hadde skrive ein artikkel om dette fjellet, basert på heftet han gav ut tidlegare i vinter: Reidar Tveito: Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra Eige forlag 2011 ISBN 978-82-998304-3-0 Her er lenke til artikkelen eg skreiv om fjellet, som no har fått bilete: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Skeisknuten

Litt ut på dagen i dag fekk eg ein telefon frå han, og vi snakka saman om mangt og mykje i samband med dei to artiklane. Eg fortalde at eg hadde funne stoffet om Vide lega i Torfinn Normann Hageland: Murar og hellarar i heiane ISBN 82-993-799-1-1 nr 566, og han hadde og nytta seg av den boka når han laga si bok.

I løpet av samtalen fortalde han at han heldt på med ei bok om dei høgaste toppane i Valle og Bykle. Mellom anna hadde han prøvd å kome seg til Urddalsknuten, som er høgaste fjellet i Valle, på grensa mot Sirdal, men han måtte gje opp, det vart for langt for ein tur han gjorde saman med dottera. Difor er han ikkje ferdig med stoffet til denne boka enno.

Eg spurde då om han kunne tenke seg å vere med på telefonen frå Byglandsfjord onsdagskvelden, når eg skal ha sending i Valle Radio. Så kunne han fortelje om prosjektet, og så kunne vi spele litt musikk og ha ein hyggeleg prat. Det ville han gjerne, kan hende han kunne få noko informasjon frå lokalkjende som kunne takast med i boka han held på med.

Så onsdag klokka 20.30 vil Reidar Tveito frå Byglandsfjord vere gjest i Valle Radio. Eg gleder meg til den halvtimen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *