God påske

Share

Tysdag før påske spelte eg Johannespasjonen i Valle Radio. Då prega pasjonssalmer også sangkvelden i sendinga. Men komande tyrsdag er det som eigentleg er grunnen til å feire påske tema i sangkvelden. Då vil eg spele dei glade påskesalmene.

Her i Mandal har eg ikkje tilgang til Spotify, for programmet er ikkje laga for linux, som eg brukar som program i staden for windows. Men om eg skulle setje opp ei liste over aktuelle påskesalmer, ville nok desse kome med:

Påskemorgen slukker sorgen
Jesus lever, graven brast
Krist stod opp av døde
Å salige stund uten like
Han er oppstanden, halleluja
Ljos yver grav
De trodde at Jesus var borte
Livet vant, dets navn er Jesus
Deg være ære
Oppstanden er den Herre Krist
Som den gyldne sol frembryter
Guds kyrkje syng
Åpen ligger graven

Dine hender er fulle av blomster har fått ein spesiell plass i kyrkjelydane i Valle prestegjeld. Truleg er det no over 15 år sidan skikken med å gje påskeliljer til folk vart innført. Når dei går ut av kyrkja etter påskegudstenesta, får folk ei påskelilje med seg heim. Slik kan den minne om påskeunderet.

Sjølv er eg i Mandal og får ikkje vere med på det i år heller. Men når eg ser ut i hagen på påskeliljene som blømer, minner det meg om den tradisjonen.

God påske 2011

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *