Pasjonstida

Share

Siste veka før påske vert ofte kalla pasjonstida. Vekene før er fastetida, men den siste perioden har det blitt vanleg å framføre pasjonsmusikk, det vil seie musikk som skildrar Jesu liding og død.

Eg valde å gjere dette i kveld i programmet Påskesangkveld. Eg angrar litt på at eg ikkje var tydeleg i annonsen i Setesdølen, slik at folk som las den, kunne vite at det var tale om Johannespasjonen av Johann Sebastian Bach det meste av kvelden. Men då eg sende inn programmet, hadde eg ikkje oversikt over kor lang tid det ville ta, så difor vart det som det vart.

Den første delen av programmet var det pasjonssalmer og pasjonssongar. Sjølv om programmet heitte Påskesangkveld, kunne det kanskje like gjerne heitt pasjonssangkveld, for det var ingen songar som handla om oppstoda i kveldens program. Her er lista over desse:

Skruk: Se vi går opp til Jerusalem 2:49
Sondre Bratland: Se hvor nu Jesus treder 4:02
Skruk: Den stunda i Getsemane4:29
Lars Bårdsen: Du som låg i natti seine 4:37
Sondre Bratland: Gå under Jesu kors å stå 6:36
Misjonsskolekvartetten: Eg stend og ser på ei nagla hand 2:31
Skruk: Solen på himmelen lukket sitt øye 5:29

Så kom Johannespasjonen i ei innspeling med Hallenser Madrigalisten (Chorus Master: Alexander Gosch) / Virtuosi Saxoniae, dirigent: Ludwig Güttler. Speletida var 107:33, så det gjekk litt ut over klokka 21 før vi var ferdige. Då hadde lyttarane fått høyre mykje vakker tysk sang. For både Matteuspasjonen og Johannespasjonen er på tysk, og det er vanskeleg å omsetje desse tekstane slik at musikken og språket fylgjer kvarandre. Eg hadde lagt til rette for at folk som har data kunne finne informasjon på Setesdalswiki, og eg trur nokre brukte informasjonen der, i alle fall tyder besøkstalet på nettsida på det.

Pasjonstida er ei tid då ein kan grunne litt på forsoningsverket og då høver pasjonssalmene godt. Så eg avslutta kvelden med å la Sondre Bratland synge O hoved høyt forhånet, som nok er den salma eg knytter mest til denne tida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *