Påskebasar med 164.050 – og stoff nok å ta av

Share

Ein kan ikkje anna enn å late seg imponere over påskebasaren i Valle Radio. To kveldar med om lag åtti tusen kroner kvar kveld frå folk i alle krikar og krokar av Setesdal og lenger borte også. Ein lyttar kommenterte frå jobb i Korea der han høyrde Valle Radio på Internett, og han hadde selskap av mange, eg trur eg høyrde dei sa 120 på det meste.

Eg tenkte eg skulle vente til det gjekk mot slutten før eg la i, eit år var eg heldig og vann slik, men i år vart det ikkje noko på meg. No høyrde eg ikkje heile sendinga heller, vi hadde folk i huset og då må ein vere litt sosial saman med dei, ein kan ikkje setje seg i eit hjørne for seg sjølv og høyre på radio heile kvelden.

Måten som det heile vart løyst på verka å vere under kontroll begge kveldane. Det er ein stor jobb som no skal gjerast med å sende ut rekningar for lodda og fylgje opp både vinnarar og dei som ikkje vann.

Og så er det ein månad att av sesongen. No onsdag er det kommunestyremøte. Og så er det mai, og plutseleg er det 1. juni, og då tek vi sommarferie. Så startar vi opp att i september, og då er det valg. Vi går ikkje tome for stoff og folk er framleis villige til å vere med på ein påskebasar for å støtte Valle Radio.

Takk for det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *