Stev og meir til

Share

Eg skjøna etter kvart at eg sende ut feil melding i går, då eg lista opp alt som skulle skje i Valle Radio og sa at det var den første timen. Det var nok dei to første timane, for då eg kom inn i sjutida, var det eit intervju med folk i Brokke, og det stod nokså sist på kjøreplanen. Dermed fekk eg ikkje med meg den gode første timen.

Men så vart det basar av godt gammalt merke, og Helge, Britta Lise og Rolf Erik snakka med folk og las opp rebusar og helsingar og loddkaup så det kvein i øyro. Då kvelden var slutt, eg høyrde ikkje alt, våre påskegjester er ikkje like hekta på Valle Radio som eg er, då hadde dei fått inn over 80.000 kroner, etter det eg las på Facebook-sida.

På årsmøtet for vel ei veke sidan (torsdag før palmesundag) fekk eg spørsmål om eg kunne lage nokre stev som kunne brukast til reklamen for hovudsponsorane. Så eg sat og venta og lurte på om dei kom, og det gjorde dei, med Helge som opplesar. Eg hadde tenkt han ville kve dei, men i staden las han med ukjenneleg røyst;

Til påske treng eg litt gode mat’e,
eg alltid kaupe meg eggsalat’e.
Den Maxi Catering lagar best,
med den i skåpet, då blir det fest.

Den beste maten, den har Gorine,
salat og kjøttkaker, kjempefine.
Frå Maxi Catering alt du får
når du skal feire dei runde år.

Til påske treng eg litt gode mat’e,
eg difor kauper meg eggsalat’e.
Den der med reker eg likar best,
Gorine fiksar potens til fest.

Han ville også ha noko for Rolfs elektro, og det fekk han, og det las han opp med same begredelege røysta:

Om du treng kvite ell’ brune vare,
til Rolfs elektro du då kan fare
Han alt leverer i Setesdal
alt du treng gjere er å betal’

Om du ein dag treng ein ny komfyr’e
du treng ‘kje ståke og mykje styre
Til Rolfs elektro du ringe må,
og snart du har dei på døra då.

No har eg kaupt meg ein ny’e TeVe
så no eg godt kan i dalen leve.
Eg heile verda i stova fær,
eg stundom græt’e og stundom lær

Så om han ikkje vil kve i sendinga 1. påskedag, kan du gjere det sjølv.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *