Siste tysdagssending før ferien

Share

I kveld hadde eg siste tysdagssending før ferien. Det er vedteke å stoppe sendingane 1. juni, og det høver godt for meg, i år skal det vere ei fredagssending til heile dalen før ferien senkar seg over Valle Radio.

Siste sendinga i dette semesteret hadde dette programmet:

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Setesdalswiki
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Du finn detaljane om programmet på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_31._mai_2011

Av gjester var det bare Niklos K. Besteland, som hadde eit program om organisten og komponisten Rolf Karlsen, som var domorganist i Oslo. Han ville fylt 100 år i juni.

Kåseriet denne kvelden var det eg skreiv på bloggen i går, om Norsk Språktest og at elevar frå Valle var oppe til denne testen i går. Kurt Hjemdal er ein predikant eg set stor pris på, og denne veka har han andaktar med tema rundt Kristi Himmelfartsdag. Vi høyrde andakt nr. 1 sist veke og i dag kom andakt nr. 2 i serien Over ein open Bibel frå Norea.

Sangkvelden var det eg som hadde, og då veit du at det vert mest korsang, og SKRUK er ein favoritt. Men eg fann også Lutherska Missionskyrkans kör frå Göteborg og Solbakk-kvartetten. Og så fekk eg med tre songar av Joel Blomqvist, saman med informasjon om denne svenske salmediktaren. Det var nyttig for meg i det minste å få litt informasjon om han.

Eg har hatt ein programpost som heiter Setesdalswiki dei siste gongene. I kveld gjekk eg gjennom ei rekke nye artiklar. Det kan vere interessant for nokre, vonar eg.

Klokka 20 var det Møteplassen, der Valle Radio sendte intervju med den nye generalsekretæren i Det norske Misjonsselskap, NMS. Han heiter Jeffrey Huseby. I Valle er det misjonsforening for NMS, så om nokon medlemmer der høyrde sendinga, veit dei meir om eigen organisasjon no enn før programmet.

Til slutt kom Niklos med sitt program. Han hadde eit opptak på ein kassett denne gongen. Det var enkelt i gamle dagar, men no er det langt mellom kvar gong eg spelar kassettar i Valle Radio, så det vart litt plunder før vi fekk det til. Men elles gjekk programmet greitt, heilt utan CD denne gongen.

Til slutt var det bare å seie noko om det som skal skje i veka som ligg framom oss. Det er jo Kristi Himmelfartsdag, så det skal vere fleire stemner. Opplysningane henta eg frå Setesdølen nr. 42, 2011, som kom ut i dag.

Norsk språktest

Share

Seks elevar frå Valle møtte i dag til Norsk Språktest 2 på Kongsgård Skolesenter i Kristiansand. Det summa av liv der frå klokka 9.30 i dag tidleg, sjølv om testen ikkje starta før klokka 11. Totalt trur eg det var godt over 200 oppmelde, og det vart ganske mange klasserom dei vart spreidde på. Ingen frå Valle fekk sitje i same romet. Det gjorde heller ikkje så mykje, dette var ein test der den einskilde skulle syne kva han/ho kunne. Tre menn og tre kvinner frå Valle prøvde seg på testen. I morgon skal to av elevane frå Valle prøve seg på Norsk Språktest 3.

Det er litt interessant å stå i hallen på skolesenteret og sjå på det yrande livet av folk. Når ein kjem frå stille Valle, ser ein at det etter kvart er kome ganske mange utlendingar til Agder. Eg trur tilsvarande test og vart halden i Arendal i dag, men våre elevar har tradisjon for å reise til Kristiansand for å ta testen.

Som oftast har dei møtt andre frå same språkgruppe og land, men i dag var det lite av slikt. Mei-Lin Chung møtte ei jente frå Tyrkia som hadde lært seg mandarin, men ingen ekte kinesarar prøvde seg på testen denne gongen. Våre to karenske kandidatar møtte ein kjenning frå Åseral, men Bo Pedersen snakka ikkje med nokon frå Thailand, sjølv om det var fleire der. Heller ikkje våre elevar frå Latvia og Albania fann nokon med same språk på listene som var slått opp på veggen på skulen.

Lydnivået var høgt, så dei som ville ha ei stille stund med repetisjon, hadde lite høve til det. Og utanfor toalettet var det tilløp til kø. Registreringa tok til klokka ti, og på forunderleg vis fann elevane roma dei skulle vere i. Så kom dei tilbake til hallen for å snakke litt saman og få tida til å gå. Kvart på elleve seig dei atter inn i sine respektive klasserom. Snart vart det etter måten stille i hallen, men det var nokre elevar der som ikkje skulle ta testen, og dei var så høgmælte at ein av dei tilsette gjekk rundt med plakat om at dei måtte vere stille. To minutt på elleve kom det sanneleg tre-fire personar som trudde at dei skulle rekke det. Raskt fann dei namna på listene og sprang til roma dei skulle vere i, vonleg rakk dei det, men det undra meg jo at dei kom slik i siste liten.

Sjølv sette eg kursen nordover, eg venta ikkje til klokka to, då testen skulle vere ferdig. I staden fekk eg gjort nokre ærend på Evje og kunne nyte dagen oppover dalen. Men så kom regnet, og då var det jo ikkje særleg å nyte i bilen anna enn Norgesglasset og Her og Nå i radioen på turen oppover.

Korleis det gjekk får eg vel vite meir om i morgon, men resultatet får dei ikkje før om seks veker, då er vi midt i sommarferien.

Habilitet og notabilitet

Share

Onsdagskvelden høyrde eg på Valle Radio si overføring av kommunestyremøtet i Valle. Det høvde ikkje slik at eg fekk med meg starten, men kom inn i sendinga noko ute i programmet, då ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund gjorde greie for problemstilling rundt habilitet og det at han stod oppført i eit register som ansvarleg hos Nomeland Anlegg lenge etter at han hadde slutta i firmaet. Du kunne lese om dette i Setesdølen fredag 27. mai 2011 side 8, der det er ein artikkel som heiter Svarte på førespurnad om gildskap.

Ettersom eg ikkje fekk med meg starten på ordføraren si orientering, lurte eg litt til å begynne med kvifor dette var tema no att. Men så skjøna eg etter kvart samanhengen. Eg tenkte likevel at dette var ikkje veldig nødvendig å bruke tid på i kommunestyret, at register ikkje vert oppdaterte eksakt same dagen som ein medarbeidar sluttar, er ikkje noko nytt og sjeldan ein stor skandale.

I avisa kunne ein også lese at Steinar Kyrvestad meinte at det var uryddig at ei kommunal verksemd og ei privat verksemd har same styreleiar. Eg synest nok at det er å trekke spørsmålet om habilitet noko langt, eg meiner tvert i mot at det bør vere ein fordel om ein kommune kan få ein styreleiar for eitt av sine selskap som og har erfaring frå privat næringsliv, det er ingen ulempe og vil sjeldan gje grunnlag for kokkelimonke, så transparente som tilhøva er i Bygde-Norge.

I samband med skriving av leksikon har wikipedia ein regel om kven som kan få artiklar. Det er eit nasjonalt leksikon, og ein har difor nokre kriterier for at for å få ein artikkel i Wikipedia, må ein ha ein viss notabilitet. Ein må ha sparka fotball på øverste eller nest øverste nivå, ha gjeve ut plate med musikken sin, skrive bøker eller vere kjent på annan måte. Difor får ordførare og til naud varaordførar artikkel, men ikkje vanlege kommunestyremedlemer.

I det lokale er det ikkje slik. Bygdebøker skriv om alle som høyrer til i bygdene. Setesdalswiki gjer også det. Der kan alle kommunestyremedlemene få omtale, og fleire med. Av dei vel 1300 artiklane vi har til no, er over 310 om personar. Der er folk notable om dei er omtala i Setesdølen. Dermed vert stoffet nærare det lokalmiljøet vi lever i, og det er etter mi meining og ein måte å gjere lokalsamfunnet ope og transparent på.

Stadnamnrot og andre språkblomar

Share

I det siste har det vore nokre lesarinnlegg i Setesdølen som kritiserer stadnamna deira. Sigmund Skomedal skreiv om Hovassdammen, som vart kalla Hovatn-dam i Setesdølen nr. 37, 2011. Når eg skriv overskriftene i Setesdølen inn på Setesdalswiki, kan eg ikkje endre det som er skrive i avisa, så då vidarefører eg feila. Olav Kjelleberg skreiv i går om Flåstrondi, som han meiner Setesdølen i årevis har kalla Flårstrondi, seinast i avisa 20. mai, setesdølen nr. 39, 2011. Der var ikkje ordet brukt i ei overskrift, så eg førte ikkje vidare den feilen.

Olav Kjelleberg meiner og at ein ikkje bør skrive innehavar på nynorsk, men i følgje nynorskordboka er det eit lovleg ord som blir forklart med eigar av ei forretning. Så sjølv om eigar er betre, er innehavar lovleg.

I Setesdølen for tysdag 24. mai, det var nr. 40, 2011, var det ein liten annonse på side 2 for ein samtalegudsteneste som skulle vere i Bykle kyrkje torsdag 26. mai. Etter samtalegudstenesta skulle det vere fest med koldtbord – det er eit bokmålsord som ikkje finst i nynorskordboka – i kyrkjeddaren. Les det siste ordet ein gong til. Kva assosiasjonar får du då?

Kyrkjeddaren er ei snedig form, for ordet har i seg både kyrkje og kjeddar. Men samantrekkinga gjev i alle fall meg assosiasjonar til kyr, altså kjeddaren der der er kyr. Eg reknar ikkje med at det i Bykle er eit festlokale der kyrkjelyden kan samlast etter samtalegudstenesta i ein kjeddar med kyr. Men eg er sikker på at det var ei fin stund i kyrkje-kjeddaren etter gudstenesta, for eg har sjølv vore på fest i det lokalet og veit at byklarane kan kunsten å stelle til fest.

Og så meiner eg at koldtbord bør kome inn i nynorskordboka, det er innarbeidd i det norske språket både på nynorsk og bokmål etter mi meining,

Ein sit i glasshus når ein plukkar opp slike språkblomar og ser på dei, for plutseleg kan dei kome på bloggen min og. Eg er glad for alle kommentarar om ortografi som eg får, Reidun er mellom dei som er raske til å syne meg når eg tastar feil, for ein blogg kan ein gå inn att på og rette, så feila vert fjerna. Det er jo verre når papiravisa er sendt ut.

Brennande liv

Share

Dette er tittelen på den siste boka på Setesdalsforlaget. Det er Vidar Bergset som har skrive henne, og ho handlar om den danske diktarpresten Kaj Munk. Ånund K. Homme kom attende frå Sunnmøre tysdag og onsdag kom han innom til meg på skulen for å syne meg boka. Han var særs nøgd med å kunne gje ut ei bok med stive permar, noko dyrare, men mykje meir haldbar.

I føreordet skriv Vidar Bergset om korleis han vart gripen av filmen av Kaj Munks teaterstykke Ordet, den danske meisterfilmen med same namn. Stykket vart skrive i 1920-åra, men ingen scenar våga å setje det opp før Betty Nansen-teatret sette det opp i 1932. Grunnen til det var nok at Kaj Munk let det skje eit under i stykket.

Det pussige i den aktuelle samanhengen er at dette stykket hadde premiere på Lille Scene, den eine av scenane på Den Nationale Scene i Bergen, 25. mai. http://www.dns.no/prog.asp?id=190 Anmeldarane er begeistra og gjev terningkast fem. Regissør er Ola B. Johannessen.

Samstundes som stykket altså går på teatret i Bergen, har Setesdalsforlaget kome med ein biografi av forfattaren. Den er lettlesen med korte kapittel. Dei fyrste 70 sidene er ein biografi om Kaj Munk, deretter kjem 100 sider om dramatikaren og 30 sider om presten og predikanten før Vidar Bergset rundar det heile av med eit tital sider om Kaj Munks ettermæle. Eit godt noteverk avsluttar boka. God skrift med godt med luft gjer det til ei bok ein vert dregen inn i.

Eg las i dag i Setesdølen om filosofikafeen på Iveland. Hans Herlof Grelland har vore i Valle og samla mykje folk til filosofikafe. Denne boka tek opp tema som godt kan relaterast til dei emnene som har vore oppe til samtale på filosofikafe. Ikkje minst for folk som er opptekne av mysteriet som livet er, kan boka vere ein fin start på å verte kjent med ein filosof og forfattar som mange har sett stor pris på.

Meir om medaljar

Share

Tysdagskvelden kåserte eg i Valle Radio om å vise vyrdnad for kvarandre og snakka om Kongens fortenstmedalje og at eg hadde fått respons frå Tor Brokke og Angerd Gjerden i høve sendinga for ei tid tilbake. Tor fortalde då at Eivind Hovet hadde fått hederen i 1987, han hadde vore inne på Slottet sine sider og funne datoen 1. juli 1987.

I dag tok eg ein telefon til Knut T. Brokke for å høyre om han hadde noko informasjon om dette, og det hadde han, Eivind var gift med Gro, som var syster til Knut. Anny og Knut inviterte meg til å kome ut til dei for å finne ut meir. Dermed tok eg turen i ettermiddag, og det vart ein triveleg dag. Medan dei venta på meg, hadde dei endevendt papir dei hadde teke vare på, og det dukka opp både det eine og det andre som kunne få artiklar i Setesdalswiki. Til slutt fann dei programmet for markeringa då Eivind Hovet fekk medaljen. Det synte seg at den samlinga var i heimen til Eivind og Gro 28. november 1986. Ordførar Gudmund Åkre stod for tildelinga på vegner av Kongen, og Kongens vedtak var gjort om lag ein månad tidlegare, 27. oktober 1986.

Då sende eg ein epost til Slottet om at dei hadde feil dato på sidene sine, og ikkje lenge etter fekk eg svar om at dei skulle ta saka opp og sjå i sine protokollar og eventuelt rette det som stod på nettsidene. Du kan sjølv sjekke det på Slottet sine nettsider: http://www.kongehuset.no/c34070/tildelinger.html?ar=&sok_navn=eivind+hovet&sok_yrke=&sok_sted=&typer%5B%5D=kongensfortjenstmedalje&arkiv=1

Knut og Anny hadde og teke vare på dødsannonsen til Eivind Hovet, så dermed hadde eg dei viktigaste data for å kunne starte ein artikkel, så det gjorde eg. Artikkelen finn du her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Eivind_Hovet Foreløpig er han ikkje så lang, men det er ein grei start.

Då det var gjort, var det naturleg å skrive om Knut. Etter kvart som eg skreiv, kom vi til å hugse på mange tema som kunne få plass i artikkelen. Det er ofte slik at når ein skriv, så veks det litt etter kvart. Det gjorde det også her. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Knut_T._Brokke

Takk til Knut og Anny for ein hyggeleg ettermiddag og for stoff til Setesdalswiki, som i kveld har 1291 artiklar.

Om du har noko du vil eg skal skrive om, kan du ta ein telefon til 9763 1408, så kan vi avtale det.

Regional utviklingsplan for Setesdal 2020

Share

Planen med dette flotte namnet er nett kome frå trykkeriet. Det er blitt ein fin trykksak som fortener mange lesarar, men eg er vel redd at folk luktar kommunale planar = tung lesnad, så legg dei det vekk til seinare, og så vert det ikkje noko seinare.

Planen er på 56 sider og startar med at styreleiar i Setsdal Regionråd, Bjørn Ropstad, skriv eit føreord som han har kalla Frå visjonar til ord og handling.

Innleiingskapitlet er illustrert med eit vakkert bilete av 100-åringen Sverre Lund, som også har hatt innspel til arbeidet med planen.

Etter innleiinga kjem det eit kapittel som heiter Målbilete for Setesdal 2020 før det er sett opp eit samandrag av heile planen på to sider.

Kapitlet Vegen til målet – strategiar og tiltak har fire underkapittel: Attraktivitet, infrastruktur, næringsutvikling og interkommunalt samarbeid.

Kapittel fire handlar om Ståstaden til regionen i 2010 og kapittel fem syner nokre utviklingstrendar. Kapittel seks heiter Fundament for samarbeid, og det heile vert avslutta med eit kapittel som heiter Oppfølging og gjennomføring av planen.

Signe Sollien Haugå er ansvarleg for prosjektet med å få lage ein slik plan, men prosjektleiar har vore Agnete Rieber-Mohn. Design er Tress Design AS og Marit Simonstad Kvaale har teke dei fleste bileta. Og bileta dreg lesaren inn i teksten, det er slik at ein leitar og ser kva ein kan finne som er relevant for eigen situasjon. Det førte til at eg leita etter IKT, ettersom eg er aktiv i Setesdalswiki, som er eit IKT-prosjekt i fremste linje i Norge.

I samandraget finn eg dette: Best på å take i bruk teknologi og digital infrastruktur. Ja, tenkte eg, her ligg prinsippa som fører til at Setesdal Regionråd stør Setesdalswiki. Og eg las vidare på prioriterte tiltak: Støtte IKT-bedrifter og teknologibasert nyskaping. Og eg tenkte det same: Teknologibasert nyskaping, det er Setesdalswiki. Det same tenkte eg då eg på side 32 las i punkt 3: Hjelpe til med å byggje opp gode regionale nettverk og møteplassar for næringslivet som stimulerer til kunnskapsdeling og samarbeid, mellom anne gjennom å vidareutvikle Setesdalskonferansen og etablere ei sams nettside.

Då kunne eg ikkja seie anna enn at eg gleder meg til å sjå utviklinga framover og sjå at fleire og fleire vert med på å byggje opp nettsida Setesdalswiki, som er den digitale plassen for kunnskapsdeling og samarbeid. At vi difor har ein halv time med stoff frå Setesdalswiki i Valle Radio ein tysdagskveld, går rett inn i den regionale utviklingsplanen for Setesdals 2020.

Postludium om Johann Gottfried Walther

Share

I dag var det eg som skulle ha Postludium. Det er ein del veker sidan sist, var vel før påske. Av og til leitar eg litt etter eit tema eg skal ha, og denne gongen fall det seg slik at eg kom over ein organist som heiter Craig Cramer, han er professor ved Notre Dame University i Indiana i USA og ein mykje brukt musikar over there. Han har spelt inn to plater med musikk av Johann Gottfried Walther, på historiske orgel frå området der Walther levde.

Første delen av programmet var henta frå WALTHER Organ Works, Vol. 1, som er spelt inn på 1767 Volckland orgel i Tröchtelborn i Thüringen

Concerto del Sigr. Telemann in C minor, LV 136
I [Adagio] 00:02:25
II [Allegro] 00:02:28
III Adagio 00:02:05
IV [Allegro] 00:02:11

Christus der ist mein Leben 00:02:09 (Med strålekrans om tinde)

Lobe den Herren, den machtigen Konig der Ehren, LV 101 00:02:15 (Lover den Herre)

Siste stykket i programmet var henta frå WALTHER Organ Works, Vol. 2, som er spelt inn på 1770 Hofmann orgel i Mechterstädt i Thüringen
Concerto after Vivaldi in B minor, LV 133
I. Allegro 00:02:59

Då var klokka plutseleg 21 og eg fekk ikkje spelt dei to siste satsane i den konserten. Det var dumt, for det er fine orgelverk og dei var godt spelte. Men slik er det når ein snakkar for mykje sjølv. Eg måtte jo fortelje litt om Walther og om organisten, og då går tida.

Eg er jo heldig som kan ha ein halvtime i Valle Radio med orgelmusikk. Det er mykje fint som sjeldan vert høyrt, også på Spotify, der eg fann musikken eg spelte i kveld. Litt rart å tenkje på at utgangspunktet var eit program eg fann som Craig Cramer spelte i Knoxville, TX: http://list.uiowa.edu/scripts/wa.exe?A2=ind1105&L=PIPORG-L&T=0&F=&S=&P=43856 I utgangspunktet tenkte eg at eg kanskje kunne finne noko av det han spelte og slik setje saman eit program. I staden vart det heilt annleis, ettersom det vart basert på to plater han hadde på Spotify. Men i førebuingane prøvde eg å spele noko av det han hadde hatt på den konserten, og eg hadde lyst til å spele BWV 541, som er eit sprudlande stykke. Men etter kvart som eg arbeidde meg framover, kom eg til at det kunne vere triveleg å presentere litt av Walthers musikk i staden. Og så var det jo eit leksikalsk fellesskap i at han laga musikalsk leksikon, eg lagar setesdals leksikon 🙂

Ny veke, nytt program

Share

Tysdag 24. mai

Ansvarleg: Harald Haugland

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Setesdalswiki
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Onsdag 25. mai

Teknikar: Jørund Georg Jore

18.00 Kommunestyremøte

Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com
Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no
Les på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no
Fylg oss på Facebook: http://www.facebook.com/pages/Valle-Radio

Tysdagskvelden ser ut til å verte ein kveld der eg kjem til å stå for det meste sjølv, utan andre gjester i studio enn dei som er der på opptak og som difor ikkje er fysisk til stades.

Til gjengjeld vert onsdagskvelden utan opptak, men med alle stemmene du kjem til å høyre, direkte i mikrofon frå kommunestyresalen.

I dag skreiv eg forresten ein artikkel om denne bloggen på Setesdalswiki. Du kan lese han her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_Radios_blogg

Filosofikafe og litt til

Share

I morgon skal det vere filosofikafe i Bestestaua i Iveland. Hans Herlof Grelland frå UiA skal innleiie til samtale. http://www.setesdalswiki.no/wiki/23._mai_2011

I 2008 var han på Sølvgarden under Kulturveka i Valle på filosofikafe der. I dag skreiv eg om han på Setesdalswiki:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Hans_Herlof_Grelland Det var ikkje så vanskeleg å finne stoff om han, truleg kunne artikkelen blitt lenger, i alle fall om ein tok med fleire titlar i bibliografien. Men så mykje om bakgrunnen hans fann eg ikkje ved første leiting, så det er litt overflatisk.

Då vi hadde Setesdalskonferansen, klarte eg å finne stoff til artiklar om alle foredragshaldarane. Då eg starta Setesdalswiki, tenkte eg mest at vi skulle ha artiklar om folk frå Setesdal, men etter kvart har eg sett at det gjev ein meirverdi å ha informasjon om folk som held innlegg og foredrag på konferansar i Setesdal. Å vite noko om folk som kjem her for å dele informasjon med oss, er nyttig før ein kjem på arrangementet eller når ein vurderer å delta. Så difor prøver eg å leite fram slik informasjon når det høver. Artikkelen om Grelland, som er professor på UiA, kunne med litt tilpassing også leggjast ut på Wikipedia. så i dag slo eg to fluer i ein smekk. Men for tida prioriterer eg å skrive for Setesdalswiki.

Det eg skreiv over, handla om det mest aktuelle. I går skreiv eg om pristildelingar og Kongens Fortenstmedalje. I dag fekk eg brev frå Tor Brokke med ein medaljemottakar som eg ikkje hadde på lista, Eivind Hovet, som var rektor på Hylestad skule. Han er no komen på lista, men artikkel om han er det ikkje blitt, så han lyser raudt saman med ei rekke andre på den lista. Eg vonar framleis å få informasjon tilsendt eller at nokon sjølv tek tastaturet fatt og legg inn informasjon om folk som enno ikkje har fått artiklar. Folk likar å lese om andre folk, og i vårt lokalmiljø er det med på å gjere livet rikare når ein kan finne basisinformasjon på ein enkel måte.

Eg ser på artikkelen om sendinga i Valle Radio frå sist onsdag, der er det framleis raude lenker på folk som medverka i programmet, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110518

Slik burde det ikkje vere. Ettersom det ofte er dei same som er med, i alle fall over tid, burde vi hatt artiklar om fleire, slik at vi kunne hjelpe dei som ikkje er godt kjende til å sjå heilskap og kultur i eit større perspektiv.