Sant, godt eller nyttig

Share

Kjell Ingolf Ropstad har ei god fortelling på bloggen sin i dag, Sjå
http://www.kjellingolf.no/2011/05/til-ettertanke.html

Han fortel om ein person som kom til Sokrates og ville fortelje ei historie, men at Sokrates ikkje ville høyre før historia hadde bestått ein trippeltest, målt mot orda i overskrifta.

Eg trur at ein del historier nok kunne tene på å verte målt mot denne testen. Mykje slarv kan unngåst om ein gjer det.

I dag har eg lese ein god del av det som handlar om Byglandsfjord Sag i boka til Reidar Tveito: 50 år på sagbruk. 750 bilder fra et arbeidsliv som kom i 2010. Den er dokumentert med bilete, og er både god og nyttig. Ein kan ikkje anna enn å verte imponert over kva Per Birkeland og Knut P. Sandnes fekk bygd opp på Vassendøya sør for Byglandsfjord. Eg kom til å snakke ein del med Per Birkeland på Setesdalskonferansen, og det han fortalde stemmer med det Reidar skriv om. Foreløpig er det ikkje blitt nokon artikkel om dette på Setesdalswiki, men Reidar lasta opp eit bilete av saga i dag, så det er ikkje usannsynleg at det kjem noko med tida.

Då eg las Kjell Ingolf sin blogg, tenkte eg at slik vil eg gjerne at det eg skriv og skal vere, anten det er her på bloggen eller på Setesdalswiki. Det same er i grunnen mi vurdering av det eg gjer i programma eg lagar for Valle Radio. Sokrates sin trippeltest er ein god test å bryne seg på. Takk til Kjell Ingolf som skreiv om den.