På bortebane

Share

I dag drog vi austover for å besøke Margunn og Stein, som har slått seg ned på Sandøya utanfor Brevik, der Stein er i frå. Margunn har fått seg jobb som bibliotekar på Skien VGS avdeling Brekkeby og Stein har jobb i Porsgrunn.

Ferja frå Brevik til Sandøya har vore til klassing no i mai og skulle etter planen starte i trafikk 16. mai, men i dag tidleg fekk vi SMS om at ferja gjekk, noko som gjorde pakkinga litt lettare, for då kunne vi få bilen med ut på øya. Så etter frokost i dag drog vi av garde og let katten passe seg sjølv, han får litt mat av ein nabo, men ikkje høve til å sove inne nokre dagar.

Ut på ettermiddagen kunne vi så sitje inne og sjå på trafikken under Brevikbrua, der det i løpet av kvelden kom fleire store båtar. Eg har tidlegare skrive om sida hos Fædrelandsvennen der ein kan fylgje flytrafikken over Sørlandet. Avisa har og ei side der ein kan fylgje skipstrafikken, og vi måtte jo leite fram den sida og sjå kor båtane kom frå eller skulle til. Det er fascinerande å fylgje med på slik trafikk.

I dag var det ganske grått, i periodar spratt regndråpane opp att på terassen, så det vart ein roleg innekveld med quiz og småtitting på Eurovision Song Contest for dei andre i huset. Eg skreiv heller eit par artiklar på Setesdalswiki, som no har 1247 artiklar og som i dag hadde knapt 50 besøk. Og så fylgde eg med ESC via meldingar på twitter. Sjølv twittra eg ikkje i kveld, det fekk klare seg med blogginga.