Softis i Brevik

Share

Vi sørlendingar som helst nyt Hennig-Olsen-is også som soft-is, kan vanskeleg få oppfylt våre ønske når vi er i Brevik. Der helsar Diplom-is oss velkomne til byen når vi kjem sjøvegen, noko vi gjorde i dag. Stein og Margunn tok oss med på båttur rundt Sandøya i eit idyllisk landskap med små holmar og sund mellom øyar og fjordar. Flest fastbuande folk bur på Sandøya, men hytter er det mange av, i alle fasongar og ulik mengde kvadratmeter både innomhus og på bryggene. Presset på strandsonen her er truleg like stort som lenger sørover langs kysten, truleg kan folk i Sogn og Fjordane vanskeleg skjøne kor dyr kampen er for å få nokre meter med strandlinje.

Stein vil gjerne ha bru til Sandøya, men det er ikkje alle som vil ha det. Han synte oss kor brua bør gå, og ein kunne undrast over at ikkje dei to små bruene er bygd, sjølv om det nok er nokre hytter som må ofrast for å få det til. Dei har visst tenkt å legge vegen i tunnel over ei av øyene for å unngå nokre av desse konfliktene.

På Oksøya er det ein leirstad for Normisjon, om sommaren er det ferje til øya, men ikkje bilferje. Og då vi var ute på fjorden, kunne vi sjå Norcem sitt store anlegg i Brevik med fleire mil med gruvegangar der dei vinn ut kalk som vert brukt i sementproduksjonen. Anlegget til Heistad Produkter er ikkje meir, der er det blitt bustader for folk.

Så gjekk vi inn til Brevik. Folk på Sandøya har eigen kaiplass der, men den var oppteken, så vi la til ved gjestebrygga. Der hoppa dei unge i land og henta softis til oss gamlingane før vi sette kursen utover att. Å ete softis når det dryp frå skyene er ikkje like godt som i solskin, men sola laga ein flott regnboge over hytter og hus ute i fjorden.

Så svinga vi inn i moloen att og turen var over. Takk for triveleg selskap og hyggeleg tur. Her er lenke til Sandøya si heimeside, som Margunn har ein finger med i å lage: http://sandoya.info/