18. mai 2011

Share

Det er mange som snakkar om 18. mai og at det ikkje alltid er ein dag som er like lett å møte – dagen etter festen. I dag då eg reiste frå Sandøya til Mandal, høyrde eg fleire gonger innslag på Sørlandssendinga om at foreldre burde ta turen ut på 16. mai og sjå kva barna deira finn på, ikkje alle er like rusfrie dagen før dagen.

Eg skal ha sendinga 18. mai i Valle Radio, så eg tenkte at eg kunne starte litt på planlegginga i føremiddag medan eg var på Sandøya og kunne nyte strålande sol over Eidangerfjorden og ein båttrafikk som gjorde at fjorden levde heile tida. Var det ikkje ein LPG-tankar, så var det eit containerskip eller bilferja Oksøy som kom eller gjekk.

Så sat eg no der og planla kveldens program, det var ikkje så vanskeleg, for vi har den faste ramma, det vanskelege er å fylle inn i henne det som skal vere der når sendinga startar. Til avisa gjekk denne eposten:

18. mai

Ansvarleg: Harald Haugland
Teknikar: Kåre Rike
Telefonvakt: Ikkje fastsett

18:00 Aktuell time
19:00 Tankar frå Bibelen ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Kommunen informerer ved Kari Cecilie Torbjørnsen
20.00 Haralds time med gjester
21.00 Opi sending ved Rolf Erik Homme

Fylg oss på Facebook
Høyr Valle Radio på http://www.valleradio.com
Les på bloggen: http://valleradio.blogs.no
Les på Setesdalswiki:http://bit.ly/jO7gGD

Så kom eg til å lese på Facebook, der hadde Mariannne Brenna Homme skrive om kanadagjess, og eit spørsmål til henne gav prompte svar at ho godt kunne kome i radioen og snakke om det. Her er innspelet hennar på Facebook:

Våre ” kjære” kanadagjess !
Når jeg sier dette så vil jeg påpeke at jeg er glad i mennesker og dyr. Men jeg skulle ønske noen dyrevernere kunne ta tak i saken å verne ” oss ” Om 10 / 20 år bor det sikkert bare kanadagjess i Valle ! De skriker og bråker altfor tidlig om morgenen, de… skiter der vi gjerne vil ta med oss ungene å bade, barna våre har angst for de store fuglene i kjempeflokker. Hadde vært bedre om de hadde hatt sitt eget reservat og vi vårt !! Er det noen der ute som kan gjøre noe med problemet ” mitt ” Ønsker ellers alle en fin dag og en flott 17 mai :-)) Har desverre ikke tatt bilder som kan dokomentere det jeg sier. Men det skal jeg få gjort.

Så høyr på Valle Radio klokka 18:50 19. mai, så får du høyre Marianne sjølv snakke om kanadagjess. Litt av kvart anna vil og kome på lufta den kvelden, så du kan gle deg.