Variert onsdagskveld

Share

Eg sit her eit døger etter onsdagssendinga 18. mai og prøver å oppsummere ein variert onsdagskveld. Heldigvis har eg skrive ned det meste som skjedde på Setesdalswiki, sjå http://www.setesdalswiki.no/wiki/Onsdagsprogram_Valle_Radio_20110518 Då er det lettare å skrive om kvelden på bloggen.

Tema
Eg tenkjer at spennvidden i tema var stor denne kvelden. Kulturpris til Valle Mållag, Ungskogpleiekurs i Valle til laurdag, kurs om bønn i Hægeland kirke, lisenskurs for mopedkøyring på Åraksøyne, irritasjon over kanadagjess, samhandlingsreformen innan pleie og omsorg i kommunene, 100 årsjubileum for Coop Valle og oppsummering etter 17. mai.

Ressurspersonar
Ressurspersonar på besøk i studio var Sissel Åkre, Per Emanuelsen, Marianne Brenna Homme, Bjørgulv T. Berg, Terje Seilskjær, Kari Cecilie Torbjørnsen, Gunnar Brottveit og Bjørgulv Sverdrup Lund.

Ressurspersonar på telefonen var Kjell Arne Rosseland, Olav Jan Nomeland og Helga Arntzen

Alt dette var bare i tida frå 18 til 21. Deretter kom Rolf Erik Homme og Henri Tore Viki i studio, og gjennom rebusar hadde dei kontakt med ressurspersonar på telefonen.

Ikkje spesiell
Det einaste spesielle med denne kvelden var at det var 18. mai. For tilsvarande kveldar lagar vi i Valle Radio kvar veke. Det er litt fantastisk å tenkje på at i heile vinterhalvåret stiller folk opp for å lage lokalradio. Ofte tenkjer vi på oss som er programleiarar og teknikarar og telefonvakter. Men i kveld vil eg gje honnør til alle ressurspersonar som kjem innom for å fortelje om noko dei brenn for eller kan mykje om, som vil formidle det til lyttarane våre. Takk skal de ha.

Som oftast er eg svært inspirert når eg er ferdig med ei sending og må gjerne kople frå med å gjere noko anna. Men i går gjekk eg heim og la meg 22.30, det er ikkje ofte noko slikt skjer. Men det var ein variert og triveleg kveld, godt å få lagt seg og få ei god natts søvn etter ei slik oppleving.