100 år med Valle Handel

Share

I dag var det stor feiring i Valle sentrum med 100-årsmarkering for butikken med marsipankake og gode tilbod på Valle Handel. Å få ein pakke på fire flasker Coca Cola for femti kroner inkludert pant gjorde at fleire folk kjente hamstre-genet vakne til liv. Ti pakkar coop-kaffe for ein hundrelapp var heller ikkje noko dårleg tilbod.

Sjølv sette eg meg ned for å smake på jubileumskaka saman med Kjellaug Rysstad litt over klokka 12. Då hadde det vore ei jamn utskifting ved kaffiserveringa, ikkje alle sette seg ned, men kake vart det likevel. Kjellaug kunne fortelje at huset hennar var det gamle Valle Handel, for etter brannen i 1952, trur eg ho sa det var, kjøpte far hennar materiala frå butikken og brukte dei til å setje opp huset sør for kyrkja.

Knut K. Homme har skrive ei svært interessant bok med glimt frå 100-års soga til butikken. Han har brukt styreprotokollane og fått inspirasjon til å leite vidare rundt i historiske kjelder for å teikne eit bilete av butikken den fyrste tida. Det er mykje ein i dag knapt kan førestelle seg, i sendinga i Valle Radio onsdag 18. mai tok Gunnar Brottveit fram eit avsnitt som handla om korleis bønder i Valle stod på lister for å køyre varer frå Ose med hest, til og med etter at rutebilar hadde teke til å gå. Det gav ei god medskøyt på inntekta å ta ein tur med tungt lass, og om ein bonde som stod på lista ikkje kunne ta turen når det var trong for det, vart han stroken av lista og mista den ekstrainntekta.

Frå i dag av var boka til sals i butikken, og mange nytta høvet til å få med seg den historiske godbiten boka er i tillegg til den godbiten marsipankaka og kaffikoppen representerte.

I 43 år har Gunnar Brottveit vore på Valle Handel saman med kona Ingrid. Det har vore rasjonalisering og butikkar har blitt lagde ned, men Valle Handelssamlag, som no er blitt til Coop Valle, lever i beste velgåande. Gratulerer med dagen!