Regional utviklingsplan for Setesdal 2020

Share

Planen med dette flotte namnet er nett kome frå trykkeriet. Det er blitt ein fin trykksak som fortener mange lesarar, men eg er vel redd at folk luktar kommunale planar = tung lesnad, så legg dei det vekk til seinare, og så vert det ikkje noko seinare.

Planen er på 56 sider og startar med at styreleiar i Setsdal Regionråd, Bjørn Ropstad, skriv eit føreord som han har kalla Frå visjonar til ord og handling.

Innleiingskapitlet er illustrert med eit vakkert bilete av 100-åringen Sverre Lund, som også har hatt innspel til arbeidet med planen.

Etter innleiinga kjem det eit kapittel som heiter Målbilete for Setesdal 2020 før det er sett opp eit samandrag av heile planen på to sider.

Kapitlet Vegen til målet – strategiar og tiltak har fire underkapittel: Attraktivitet, infrastruktur, næringsutvikling og interkommunalt samarbeid.

Kapittel fire handlar om Ståstaden til regionen i 2010 og kapittel fem syner nokre utviklingstrendar. Kapittel seks heiter Fundament for samarbeid, og det heile vert avslutta med eit kapittel som heiter Oppfølging og gjennomføring av planen.

Signe Sollien Haugå er ansvarleg for prosjektet med å få lage ein slik plan, men prosjektleiar har vore Agnete Rieber-Mohn. Design er Tress Design AS og Marit Simonstad Kvaale har teke dei fleste bileta. Og bileta dreg lesaren inn i teksten, det er slik at ein leitar og ser kva ein kan finne som er relevant for eigen situasjon. Det førte til at eg leita etter IKT, ettersom eg er aktiv i Setesdalswiki, som er eit IKT-prosjekt i fremste linje i Norge.

I samandraget finn eg dette: Best på å take i bruk teknologi og digital infrastruktur. Ja, tenkte eg, her ligg prinsippa som fører til at Setesdal Regionråd stør Setesdalswiki. Og eg las vidare på prioriterte tiltak: Støtte IKT-bedrifter og teknologibasert nyskaping. Og eg tenkte det same: Teknologibasert nyskaping, det er Setesdalswiki. Det same tenkte eg då eg på side 32 las i punkt 3: Hjelpe til med å byggje opp gode regionale nettverk og møteplassar for næringslivet som stimulerer til kunnskapsdeling og samarbeid, mellom anne gjennom å vidareutvikle Setesdalskonferansen og etablere ei sams nettside.

Då kunne eg ikkja seie anna enn at eg gleder meg til å sjå utviklinga framover og sjå at fleire og fleire vert med på å byggje opp nettsida Setesdalswiki, som er den digitale plassen for kunnskapsdeling og samarbeid. At vi difor har ein halv time med stoff frå Setesdalswiki i Valle Radio ein tysdagskveld, går rett inn i den regionale utviklingsplanen for Setesdals 2020.