Norsk språktest

Share

Seks elevar frå Valle møtte i dag til Norsk Språktest 2 på Kongsgård Skolesenter i Kristiansand. Det summa av liv der frå klokka 9.30 i dag tidleg, sjølv om testen ikkje starta før klokka 11. Totalt trur eg det var godt over 200 oppmelde, og det vart ganske mange klasserom dei vart spreidde på. Ingen frå Valle fekk sitje i same romet. Det gjorde heller ikkje så mykje, dette var ein test der den einskilde skulle syne kva han/ho kunne. Tre menn og tre kvinner frå Valle prøvde seg på testen. I morgon skal to av elevane frå Valle prøve seg på Norsk Språktest 3.

Det er litt interessant å stå i hallen på skolesenteret og sjå på det yrande livet av folk. Når ein kjem frå stille Valle, ser ein at det etter kvart er kome ganske mange utlendingar til Agder. Eg trur tilsvarande test og vart halden i Arendal i dag, men våre elevar har tradisjon for å reise til Kristiansand for å ta testen.

Som oftast har dei møtt andre frå same språkgruppe og land, men i dag var det lite av slikt. Mei-Lin Chung møtte ei jente frå Tyrkia som hadde lært seg mandarin, men ingen ekte kinesarar prøvde seg på testen denne gongen. Våre to karenske kandidatar møtte ein kjenning frå Åseral, men Bo Pedersen snakka ikkje med nokon frå Thailand, sjølv om det var fleire der. Heller ikkje våre elevar frå Latvia og Albania fann nokon med same språk på listene som var slått opp på veggen på skulen.

Lydnivået var høgt, så dei som ville ha ei stille stund med repetisjon, hadde lite høve til det. Og utanfor toalettet var det tilløp til kø. Registreringa tok til klokka ti, og på forunderleg vis fann elevane roma dei skulle vere i. Så kom dei tilbake til hallen for å snakke litt saman og få tida til å gå. Kvart på elleve seig dei atter inn i sine respektive klasserom. Snart vart det etter måten stille i hallen, men det var nokre elevar der som ikkje skulle ta testen, og dei var så høgmælte at ein av dei tilsette gjekk rundt med plakat om at dei måtte vere stille. To minutt på elleve kom det sanneleg tre-fire personar som trudde at dei skulle rekke det. Raskt fann dei namna på listene og sprang til roma dei skulle vere i, vonleg rakk dei det, men det undra meg jo at dei kom slik i siste liten.

Sjølv sette eg kursen nordover, eg venta ikkje til klokka to, då testen skulle vere ferdig. I staden fekk eg gjort nokre ærend på Evje og kunne nyte dagen oppover dalen. Men så kom regnet, og då var det jo ikkje særleg å nyte i bilen anna enn Norgesglasset og Her og Nå i radioen på turen oppover.

Korleis det gjekk får eg vel vite meir om i morgon, men resultatet får dei ikkje før om seks veker, då er vi midt i sommarferien.