Brennande liv

Share

Dette er tittelen på den siste boka på Setesdalsforlaget. Det er Vidar Bergset som har skrive henne, og ho handlar om den danske diktarpresten Kaj Munk. Ånund K. Homme kom attende frå Sunnmøre tysdag og onsdag kom han innom til meg på skulen for å syne meg boka. Han var særs nøgd med å kunne gje ut ei bok med stive permar, noko dyrare, men mykje meir haldbar.

I føreordet skriv Vidar Bergset om korleis han vart gripen av filmen av Kaj Munks teaterstykke Ordet, den danske meisterfilmen med same namn. Stykket vart skrive i 1920-åra, men ingen scenar våga å setje det opp før Betty Nansen-teatret sette det opp i 1932. Grunnen til det var nok at Kaj Munk let det skje eit under i stykket.

Det pussige i den aktuelle samanhengen er at dette stykket hadde premiere på Lille Scene, den eine av scenane på Den Nationale Scene i Bergen, 25. mai. http://www.dns.no/prog.asp?id=190 Anmeldarane er begeistra og gjev terningkast fem. Regissør er Ola B. Johannessen.

Samstundes som stykket altså går på teatret i Bergen, har Setesdalsforlaget kome med ein biografi av forfattaren. Den er lettlesen med korte kapittel. Dei fyrste 70 sidene er ein biografi om Kaj Munk, deretter kjem 100 sider om dramatikaren og 30 sider om presten og predikanten før Vidar Bergset rundar det heile av med eit tital sider om Kaj Munks ettermæle. Eit godt noteverk avsluttar boka. God skrift med godt med luft gjer det til ei bok ein vert dregen inn i.

Eg las i dag i Setesdølen om filosofikafeen på Iveland. Hans Herlof Grelland har vore i Valle og samla mykje folk til filosofikafe. Denne boka tek opp tema som godt kan relaterast til dei emnene som har vore oppe til samtale på filosofikafe. Ikkje minst for folk som er opptekne av mysteriet som livet er, kan boka vere ein fin start på å verte kjent med ein filosof og forfattar som mange har sett stor pris på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *