Bygningshistorie

Share

I kveld har Reidar Tveito skrive om Byglandsfjord stasjon på Setesdalswiki. Det er blitt ein interessant artikkel som fortel mykje om det over hundre år gamle huset. Då Fennefoss bru var stengd, køyrde mange om Senum og då kom ein forbi denne fine og freda bygningen som i dag huser Bygland folkebibliotek sin filial på Byglandsfjord.

Gamle hus har ei historie, og det er noko av den du kan finne i artikkelen. I 66 år var den stasjonsbygning for endestasjonen til Setesdalsbanen, sidan har mange ulike aktørar brukt lokala til litt av kvart. Ikkje mange hugsar at til og med Erik Bye var på Byglandsfjord stasjon i samband med Idebank-programma i TV midt på 60-talet, så difor er det interessant å få med slik informasjon i artikkelen på Setesdalswiki.

Etter kvart er det eit titals artiklar om offentlege bygningar utanom kyrkjer på Setesdalswiki. Men det er mange bygningar som burde hatt omtale og eigne artiklar. Det får kome etter kvart, eg trøystar meg med at Rom var heller ikkje bygd på ein dag, som det vart sagt før i tida. Les artikkelen og gled deg:

http://www.setesdalswiki.no/wiki/Byglandsfjord_stasjon

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *