Gratulerer, Valle Mållag

Share

Valle Mållag fekk Valle kommune sin kulturpris for 2011. I grunngjevinga blir det trekt fram at dei har satsa på nye medier med nettstaden http://www.vallemal.no der ein legg ut ord frå valledialekten. Frå ein forsiktig start i 2002 til programmet kom på nettet i juni 2004 har ordtilfanget vakse til 9259 ord pr. 12. mai. Av desse var nærare 3954 ord ferdig utfylte. Dei har ei statistikkside her: http://www.vallemal.no/frames.jsp?menu=14

Ved starten i 2004 var det ein sterk auke, for ein hadde laga lister som då kunne leggjast ut på nettet. Talemålsgruppa har jamnlege møte onsdagskveldane, det er helst vanskeleg å få nokon av dei i tale i Valle Radio ein onsdagskveld, i alle fall litt tidleg på kvelden.

På heimesida skriv talemålsgruppa: Me vonar at dialekten med tida får høgare status, slik at han vert anerkjent som eit unikt kulturuttrykk frå Setesdal. Det klarte dei vel med programmet Norske attraksjoner, der Valledialekten vart kåra som ein norsk attraksjon av Linda Eide, som i holmgang med Sigurd Brokke måtte i Otra då ho ikkje klarte dei vanskelege orda i Valledialekten.

Elles er jo Valle Mållag med på utgjevinga av Jol i Setesdal saman med dei andre mållaga i Setesdal. Her har nok Valle Mållag sine representantar spelt ein vesentleg rolle i samlinga av stoffet og arbeidet for å få heftet klart.

Gratulerer med kulturprisen!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *