Gul midtstripe til Hovden

Share

Ved avslutninga av Setesdalskonferansen 2011 synte Styrk Fjærtoft Trondesen ein nylaga film om riksveg 9: Gul midtstripe til Hovden. Sentral i filmen var Kjell Ingolf Robstad, som var til stades på konferansen og som i filmen kasta ein boks med gul spraymaling frå Stortinget til Bykle, der Kay Jeiskelid tok imot og heldt fram med arbeidet. Slik synte filmen samanhengen mellom lokalt og sentralt samspel for å realisere draumen.

I filmen var det lange køar av personbilar som rulla på ein nedsliten veg med kantar som hadde gjeve etter for tunge køyretøy. Men det var bare eitt tungt køyretøy å sjå. Etterpå kom Per Birkeland på Byglandsfjord Sag til meg og kommenterte filmen:

-Filmen burde synt situasjonar der ein tungt lasta tømmerbil møtte ein turistbuss eller ein annan tømmerbil

-Ja, sa eg, eller Nomeland Anlegg si digre tralle med ein av dei store maskinane hans på.

-Ja, sa Per, det hadde synt noko av problema næringslivet i Setesdal har på grunn av den smale vegen. Og slike situsjonar kan ein sjå dagleg.

-Eg trur eg vil skrive om det på bloggen min, sa eg.

Som sagt, så gjort. Du som les bloggen min skjøner vel at konferansen eg skreiv om i går no er ferdig. Eg er komen heim til Mandal via Riksveg 9 og E39, der det i dag tidleg var ein frontkollisjon mellom ein tysk personbil og ein norsk varebil, fire alvorleg skadde. Så eg skjøner at kravet om delte kjørebanar kjem opp att. Men eg skjøner ikkje at tidsramma for å få til noko slikt er 2023 eller seinare.

Riksveg 9 er på god veg til å verte fin på mange plassar. Når no Tveit – Langeid-parsellen etter kvart vert ferdig og Sandnes – Harstadberg i Valle så kjem i arbeid og vert fullført, vil det vel helst vere to parsellar i Bygland kommune som vert flaskehalsar. Under konferansen var dette og eit tema for folk i uformelle samtalar, der ein og tenkte på kravet som Bygland har fremma om ny bru på Ose. Då vart det sagt at om ein la heile riksvegen på austsida av fjorden frå Ose og til Storstraumen, så kunne den byggjast utan å sjenere noverande trafikk, og så kunne ein sleppe heile diskusjonen om kor vegen skal gå på Frøysnes og Skomedal.

Så langt eg kunne høyre, var det eit stort engasjement for å få gul midtstripe til Hovden på konferansen. På Setesdalswiki kan du sjå bilete av Ose bru frå 1952. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Ose_bru Det vart og sagt at filmen skulle leggjast ut på nettet, men så langt har eg ikkje funne den. Når eg finn han, skal eg leggje lenke til filmen her, så du kan sjå den, du og.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *