Habilitet og notabilitet

Share

Onsdagskvelden høyrde eg på Valle Radio si overføring av kommunestyremøtet i Valle. Det høvde ikkje slik at eg fekk med meg starten, men kom inn i sendinga noko ute i programmet, då ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund gjorde greie for problemstilling rundt habilitet og det at han stod oppført i eit register som ansvarleg hos Nomeland Anlegg lenge etter at han hadde slutta i firmaet. Du kunne lese om dette i Setesdølen fredag 27. mai 2011 side 8, der det er ein artikkel som heiter Svarte på førespurnad om gildskap.

Ettersom eg ikkje fekk med meg starten på ordføraren si orientering, lurte eg litt til å begynne med kvifor dette var tema no att. Men så skjøna eg etter kvart samanhengen. Eg tenkte likevel at dette var ikkje veldig nødvendig å bruke tid på i kommunestyret, at register ikkje vert oppdaterte eksakt same dagen som ein medarbeidar sluttar, er ikkje noko nytt og sjeldan ein stor skandale.

I avisa kunne ein også lese at Steinar Kyrvestad meinte at det var uryddig at ei kommunal verksemd og ei privat verksemd har same styreleiar. Eg synest nok at det er å trekke spørsmålet om habilitet noko langt, eg meiner tvert i mot at det bør vere ein fordel om ein kommune kan få ein styreleiar for eitt av sine selskap som og har erfaring frå privat næringsliv, det er ingen ulempe og vil sjeldan gje grunnlag for kokkelimonke, så transparente som tilhøva er i Bygde-Norge.

I samband med skriving av leksikon har wikipedia ein regel om kven som kan få artiklar. Det er eit nasjonalt leksikon, og ein har difor nokre kriterier for at for å få ein artikkel i Wikipedia, må ein ha ein viss notabilitet. Ein må ha sparka fotball på øverste eller nest øverste nivå, ha gjeve ut plate med musikken sin, skrive bøker eller vere kjent på annan måte. Difor får ordførare og til naud varaordførar artikkel, men ikkje vanlege kommunestyremedlemer.

I det lokale er det ikkje slik. Bygdebøker skriv om alle som høyrer til i bygdene. Setesdalswiki gjer også det. Der kan alle kommunestyremedlemene få omtale, og fleire med. Av dei vel 1300 artiklane vi har til no, er over 310 om personar. Der er folk notable om dei er omtala i Setesdølen. Dermed vert stoffet nærare det lokalmiljøet vi lever i, og det er etter mi meining og ein måte å gjere lokalsamfunnet ope og transparent på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *