Heder og litt til

Share

17. mai står i hederens teikn. Vi legg ned kransar på graver og minnestøtter for å hedre minnet til nokon som har gjort ein stor innsats for fred og fridom i samfunnet. I år kunne vi lese i Setesdølen om heder frå sør til nord, og det gjaldt nolevande personar.

I kinosalen på Evje fekk Kåre Tjessem og Alf Georg Kjetså Kongens fortenestmedalje for innsats i kulturliv og næringsliv på ulike måtar. På Byglandsfjord fekk Roderich Johannes Heinrich Kohler den alternative bygdeutviklingsprisen. På Rysstad fekk Valle Mållag Valle kommune sin kulturpris og på Hovden fekk Askild Johnsen Bykle kommune sin kulturpris.

Det kan synast som om ein i Setesdal har gjort Paulus sitt ord (slik Seippel omsette det) til sitt: Kappast om å visa kvarandre vyrdnad (Rom. 12,10)

Alt dette har ført til at eg har oppdatert fleire artiklar på Setesdalswiki siste veka:
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Bykle_kommune_sin_kulturpris
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Valle_kommune_sin_kulturpris
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kongens_Fortenstmedalje

Den alternative bygdeutviklingsprisen har ikkje fått artikkel ennå.

Ikkje alle prismottakarane har fått eigen artikkel på Setesdalswiki. Det er eit sakn. Og når det gjeld Kongens FOrtenstmedalje, treng eg informasjon, for det er sikkert fleire i Setesdal som har fått medlajen, som eg ikkje har fått med på lista. Difor skulle eg ønske at folk som visste noko, kunne sende meg ein mail: harhaugl@gmail.com eller ringe meg på 9763 1408 om du har informasjon som kunne vere høveleg å få på plass.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *