Dette var oppslaget på side 3 i Setesdølen i dag. Eg tenkte eg ville dele brevet frå ordførar Bjørgulv Sverdrup Lund med lesarane av bloggen min:
Honnør for flott arbeid til heile staben!
Eg vil på vegner av kommunestyret i Valle takke dykk alle saman for det fantastiske arbeidet de her gjer gjennom heile året til beste for både fastbuande og gjesteinnbyggjarar i kommunen!
I ei tid der samfunnet er prega av stadig tidspress for å skaffe seg rom for å deltake i friviljug arbeid,er det svert imponerande kva de får til i Valle Radio. De gleder mange menneske i dalen, og bidreg til at vårt lokalsamfunn vert ein betre plass å bu.
Seinast nå i i påska vart eg på ny imponert over lagarbeidet de utførte, og ikkje minst resultatet de klarte å få til i kvalitet på sendingane og inntekt til radioen.
Eg håpar de klarar å fortsette med å formidle informasjon og trivsel til lyttarane, det betyr mykje i kvardagen for mange av oss. Det er og svært bra at Valle Radio kringkastar møta i kommunestyret ut til innbyggjarane våre, dette er eit merkbart og tydeleg element i lokaldemokratiet. Til sist er eg og ikkje minst imponert over rekrutteringsarbeidet, breidda i staben som Valle Radio har klart å etablere.
Lykke til vidare!
Med helsing
Bjørgulv Sverdrup Lund
ordførar