Setesdalskonferansen 2011

Share

I kveld skriv eg bloggen frå Setesdalskonferansen 2011. Eg oppdaterte nettopp artikkelen om konferansen med informasjon om kven som vann Setesdalsprisen 2011, som vart delt ut av stortingsrepresentant Kjell Ingolf Ropstad. Vinnaren i år var Hanna og Bjørn Erling Auestad – Bykle Hotell. Det var stor glede i salen over at dette ekteparet fekk prisen, dei har gjort ein stor jobb med Bykle Hotell og har etter kvart også fått tre hotell på Hovden å drive. Dei står på og skapar noko. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/sorlandet/1.7622316

Konferansen, som er på Revsnes Hotell, har samla næringslivsfolk og andre frå heile Setesdal. I dag har det vore foredrag om tidsbruk, det er jo eit emne alle kan ha godt å verte minna om kor viktig det er. For meg var nok foredraget til Leiv Gautestad det mest interessante. Trenaren for ØIF Arendal var dyktig i å fortelje om kva som skal til for å skape eit team. Han krydra foredraget med opplevingar frå handballverda, han har jo mange landskampar og 20 år som trenar bak seg.

Starten av konferansen var ein presentasjon av bedrifter i Setesdal, og det var mange som ein sjeldan høyrer om, som her fekk presentere seg. Sjølv sa eg litt om Setesdalswiki, som no har 1200 artiklar, men som har over 4000 røde lenker, noko som tyder på at det er nok å skrive om. I løpet av konferansen har eg og knytta kontaktar som nok vil resultere i artiklar etter kvart som tida går. Ein av dei eg prata ein del med, var Helga Arntzen, som skal halde 17. mai-tale på Rysstad i år. De som skal feire 17. mai i Valle vil møte ei engasjert dame som til tross for at ho har passert 70 år, brenn for å få bygd eit fredssenter på Landeskogen. Ho fortel at ho har budd mange stader i Norge, men aldri blitt så godt motteken som då ho kom til Bygland. Til 17. mai vil ho kome i Setesdalsbunad, ny for det store høvet ho opplever det er å få tale i Valle kommune denne dagen.

I morgon skal vi få høyre om ei bedrift som vart overkøyrd av medietoget, og etterpå skal representantar for media diskutere medias makt. I tillegg skal fire bedrifter presenterast med film. Så det vert ein interessant dag i morgon og.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *