Siste tysdagssending før ferien

Share

I kveld hadde eg siste tysdagssending før ferien. Det er vedteke å stoppe sendingane 1. juni, og det høver godt for meg, i år skal det vere ei fredagssending til heile dalen før ferien senkar seg over Valle Radio.

Siste sendinga i dette semesteret hadde dette programmet:

18.00 Kvarteret
18.15 Over ein open Bibel
18.30 Sangkveld
19.30 Setesdalswiki
20.00 Møteplassen
20.30 Postludium
21.00 Kyrkjebakken

Du finn detaljane om programmet på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tysdagsprogram_31._mai_2011

Av gjester var det bare Niklos K. Besteland, som hadde eit program om organisten og komponisten Rolf Karlsen, som var domorganist i Oslo. Han ville fylt 100 år i juni.

Kåseriet denne kvelden var det eg skreiv på bloggen i går, om Norsk Språktest og at elevar frå Valle var oppe til denne testen i går. Kurt Hjemdal er ein predikant eg set stor pris på, og denne veka har han andaktar med tema rundt Kristi Himmelfartsdag. Vi høyrde andakt nr. 1 sist veke og i dag kom andakt nr. 2 i serien Over ein open Bibel frå Norea.

Sangkvelden var det eg som hadde, og då veit du at det vert mest korsang, og SKRUK er ein favoritt. Men eg fann også Lutherska Missionskyrkans kör frå Göteborg og Solbakk-kvartetten. Og så fekk eg med tre songar av Joel Blomqvist, saman med informasjon om denne svenske salmediktaren. Det var nyttig for meg i det minste å få litt informasjon om han.

Eg har hatt ein programpost som heiter Setesdalswiki dei siste gongene. I kveld gjekk eg gjennom ei rekke nye artiklar. Det kan vere interessant for nokre, vonar eg.

Klokka 20 var det Møteplassen, der Valle Radio sendte intervju med den nye generalsekretæren i Det norske Misjonsselskap, NMS. Han heiter Jeffrey Huseby. I Valle er det misjonsforening for NMS, så om nokon medlemmer der høyrde sendinga, veit dei meir om eigen organisasjon no enn før programmet.

Til slutt kom Niklos med sitt program. Han hadde eit opptak på ein kassett denne gongen. Det var enkelt i gamle dagar, men no er det langt mellom kvar gong eg spelar kassettar i Valle Radio, så det vart litt plunder før vi fekk det til. Men elles gjekk programmet greitt, heilt utan CD denne gongen.

Til slutt var det bare å seie noko om det som skal skje i veka som ligg framom oss. Det er jo Kristi Himmelfartsdag, så det skal vere fleire stemner. Opplysningane henta eg frå Setesdølen nr. 42, 2011, som kom ut i dag.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *