Stadnamnrot og andre språkblomar

Share

I det siste har det vore nokre lesarinnlegg i Setesdølen som kritiserer stadnamna deira. Sigmund Skomedal skreiv om Hovassdammen, som vart kalla Hovatn-dam i Setesdølen nr. 37, 2011. Når eg skriv overskriftene i Setesdølen inn på Setesdalswiki, kan eg ikkje endre det som er skrive i avisa, så då vidarefører eg feila. Olav Kjelleberg skreiv i går om Flåstrondi, som han meiner Setesdølen i årevis har kalla Flårstrondi, seinast i avisa 20. mai, setesdølen nr. 39, 2011. Der var ikkje ordet brukt i ei overskrift, så eg førte ikkje vidare den feilen.

Olav Kjelleberg meiner og at ein ikkje bør skrive innehavar på nynorsk, men i følgje nynorskordboka er det eit lovleg ord som blir forklart med eigar av ei forretning. Så sjølv om eigar er betre, er innehavar lovleg.

I Setesdølen for tysdag 24. mai, det var nr. 40, 2011, var det ein liten annonse på side 2 for ein samtalegudsteneste som skulle vere i Bykle kyrkje torsdag 26. mai. Etter samtalegudstenesta skulle det vere fest med koldtbord – det er eit bokmålsord som ikkje finst i nynorskordboka – i kyrkjeddaren. Les det siste ordet ein gong til. Kva assosiasjonar får du då?

Kyrkjeddaren er ei snedig form, for ordet har i seg både kyrkje og kjeddar. Men samantrekkinga gjev i alle fall meg assosiasjonar til kyr, altså kjeddaren der der er kyr. Eg reknar ikkje med at det i Bykle er eit festlokale der kyrkjelyden kan samlast etter samtalegudstenesta i ein kjeddar med kyr. Men eg er sikker på at det var ei fin stund i kyrkje-kjeddaren etter gudstenesta, for eg har sjølv vore på fest i det lokalet og veit at byklarane kan kunsten å stelle til fest.

Og så meiner eg at koldtbord bør kome inn i nynorskordboka, det er innarbeidd i det norske språket både på nynorsk og bokmål etter mi meining,

Ein sit i glasshus når ein plukkar opp slike språkblomar og ser på dei, for plutseleg kan dei kome på bloggen min og. Eg er glad for alle kommentarar om ortografi som eg får, Reidun er mellom dei som er raske til å syne meg når eg tastar feil, for ein blogg kan ein gå inn att på og rette, så feila vert fjerna. Det er jo verre når papiravisa er sendt ut.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *