Lyrisk på Setesdalstinget

Share

Setesdalstinget vart avslutta med ein flott middag i kveld, og då heldt Byglandsordførar Knut A. Austad ein fin tale som han avslutta med eit dikt. Dikt høyrer med i Setesdal, og Knut, som seinare på festen vart takka for mange år i samarbeid innan regionrådet (han tek ikkje attval), fekk stor applaus for talen sin. Etter maten spurde eg om å få legge diktet hans ut på bloggen, og dermed kunne dele det med dykk som les bloggen. Det fekk eg, og her er diktet:

Fire kommunar i Setesdal,
dei møttest på Hovden til Ting
for å drøfte framtid og felles mal
og å bygge ein einighetsring.

Det kan ‘kje ver lett å finne ut
med Kay og Bjørn og Bjørgulv og Knut
ei felles framtid og same veg
til framtidas Setesdal for deg og meg.

Slik sukka ein gamal og innfødd døl
som meinte han hadde beste løysinga sjøl,
ein som var lei av alt negativt mas:
Det blir tala og skriva for mykje fjas.

Nei, sukka dølen, de lyt liggje ihop,
så blir kommunane fylte med folk.
Nei, sukka dølen, ikkje klag og syt,
brett opp skjortearman, stå opp og skryt.

Ta tak i det gode, lat det vonde gå,
hald fram med å engasjere deg, slik som nå.
Me er enkeltkommunar, fire i tal,
men samla så er me Setesdal

Leverandør av livskvalitet

Share

I dag er eg på Setesdalstinget. Der vart stortingsrepresentantane frå Aust-Agder utfordra til å seie noko om Forventingar og realitetar – kommune- nærings- og distriktspolitikk framover. Tanken var at ein kanskje kunne få eit gullkorn i høve til Setesdal. Det var ikkje så lett for dei å formulere synspunkta sine i ei god form. Men eg noterte meg Svein Harberg si formulering: Setesdal bør arbeide for å bli den største leverandøren av livskvalitet til kommunane rundt eigen region.

Dette opplevde eg som ei formulering ein burde ta vare på. Etter kvart kom han og inn på reiseliv og landbruk og tilgroing som tema som ein kan arbeide med. Aktiv turisme er eit element i den samanhengen.

Saavi Nomeland spurde om vegen mellom Åseral og Bygland og vegen mellom Valle og Sirdal. Freddy de Ruiter og Ingebjørg Godskesen peika på at Setesdal Regionråd må stå for ei aktiv lobbyverksemd. Men alle snakka om at det var Riksveg 9 og E 18 som var prioritert.

I den spørjetimen var det ei rekke spørsmål frå setesdalspolitikarane, og med Styrk Fjærtoft Trondsen som ordstyrar vart det ei munter økt.