David Phelps i Vennesla

Share

Eg har hatt David Phelps med i Valle Radio når eg har hatt Sangkveld-program. Difor tenkte eg at eg skulle ta turen til Vennesla då han hadde konsert der i kveld. Det var Øystein Berg som fortalde meg om det, han held meg oppdatert på Gaither Music sine aktivitetar. Konserten var i samarbeid med Voice of Joy, eit gospelkor frå Haugalandet, og det var eit veldig trykk då dei starta konserten. Eg likte nok best den meir stille søndagsskolesangen Jesus er kongen min, den var detlenge sidan eg hadde høyrt.

Denne fredagskvelden kom eg heim til Mandal klokka 17.30, så var det i grunnen bare å få i meg litt mat, og klokka seks gjekk turen tilbake til Vennesla. Det er ikkje så ofte Reidun og eg dreg ut att på ein fredagskveld, men denne konserten ville vi få med oss. Litt før klokka sju svinga vi inn til Filadelfia, der var det mange folk som dirigerte trafikken, så det var lett å parkere. Øystein var alt komen, han var saman med Toralf Berg frå Evje. Vi fann oss plassar noko langt bak i salen, medan Øystein ville prøve korleis det var å sitje på galleriet.

Det er rart med musikk, vi likar nok best det vi kjenner frå før, så publikum klappa mykje då det kom nokre av dei songane denne tenoren er mest kjent for å synge. Han tok mellom anna Nessun dorma, ei arie som Pavarotti hadde på repertoaret, og då klappa folk mykje både før og etter.

Sjølv opplevde eg nok It’s well with my soul som den sangen eg likte best. Den har eg hatt i Valle Radio mange gonger, helst med Odd Dubland sin norske versjon Det er vel med min sjel. Koret hadde ein svensk som var nydeleg, men når ein ikkje noterer eller ikkje har program, er det litt vanskeleg å hugse, så den klarar eg ikkje å ta att.

Apropos det å ikkje ha program. David Phelps sitt band hadde ein stor evne til å henge med i dei sangane han ville ha, det verka lite fastlagt på førehand, men kom meir etter kva respons han fekk frå publikum, og den var jo god. Eg trur dei fleste gjerne ville ha fått meir av han då han runda av klokka 21.30. Trampeklapp førte til at han tok eit ekstranummer, men truleg hadde dei det travelt, for då me hadde snakka litt med Øystein og Toralf, som var dei einaste kjentfolka, så vidt vi kunne finne ut, var alt bussen koret skulle bruke for å kome til neste konsert, køyrt fram og folka var i full gang med å laste inn bagasje.

Ein triveleg og ei fin oppleving. Her er lenke til You Tube med David Phelps:

http://www.youtube.com/watch?v=9FgG2gagXoc Nessun Dorma, her med innleiing som og syner eksempel på den trivelege introduksjonen til songane, slik han og gjorde det i Vennesla.