Hagefest ein sankthanskveld

Share

I dag hadde Reidun siste arbeidsdag før ferien. Arbeidsplassen hennar er dagsenteret på Mandal Sykehjem, der møter ho mange mandalsfolk, og sjølv om ho har budd borte i minst tretti år, møter ho ofte folk ho kjenner via slekt og vener, jobb og fritidsaktivitetar frå den tida ho var ung i Mandal. I dag møtte ho ein 90 år gammal mann som ho snakka litt med, og det synte seg at han og Reidun si mor hadde gått i same klasse på skulen. Slike opplevingar gjer arbeidsdagen morosam og interessant.

Eg henta henne utanfor jobben hennar i dag, og så sette vi kursen rett mot Setesdal, vi hadde von om å rekke hagefest i Mykjedalen for elevane på Valle Vaksenopplæring. Vi unna oss ein stopp på Evje for å få i oss litt mat, Pernille har både eit salatbord og softis med jordbær som lyfter ein kvardag til store høgder. Det kom ei kraftig regnbyge mellom Byglandsfjord og Longerak, men elles var det ein fin tur, og då vi kom oppover i Setesdal, vart det retteleg fint ver.

Hagefesten var alt starta då vi kom til Mykjedalen, men vi vart helsa varmt velkomne av store og små. Det var grillmat og salat på menyen, og smaken var god og selskapet triveleg, sjølv om vinden ikkje spelte heilt på lag med arrangørane. Etter matøkta flytta vi oss lenger inn i hagen og Øyvind tente bålet, store kubbar som kunne brenne lenge. Praten gjekk livleg, etter kvart vart det sang, og så henta Øyvind gitarar og snartlydde familiekorsongar og andre songar i sommarkvelden. Solo og grupper song på karen og chin og norsk og engelsk, sang rundt bålet har jo alltid vore stemningsskapande og samansveisande, og slik vart det også her.

I åttetida var det tydeleg at både barn og vaksne kunne tenkje seg å dra heimover, så vi braut opp og takka for ein triveleg hagefest i Mykjedalen. Øyvind har etter kvart hatt fleire grupper som har vore i hagen hans og hatt sommaravslutning, og når veret er høveleg, er det ein særs triveleg stad.

Etter ein sankthanskveld er det heilt naturleg med litt røyklukt i kleda, det syner vel at ein har gjort det som nordmenn fleste gjer denne kvelden: Tent eit bål og gledd seg over fellesskapet i sommarnatta. Takk til Øyvind og Ann Christin for ei særs god ramme rundt ein triveleg kveld.