Åseralstur

Share

Då vi sundag reiste frå Valle og kom til Evje, kom eg til å spørje Reidun om vi skulle ta turen opp Dåsvannsdalen og køyre om Åseral. Eg hadde aldri vore i Åseral anna enn på kartet, men etter at eg tok til å skrive på Setesdalswiki, har eg vore nokre rundar innom bygda på kartet, særleg området som grensar til Bygland.

Vi hadde ikkje så mykje å haste heimover etter denne fine dagen, og dermed svinga vi til høgre ved Esso og la ut på ein veg eg aldri hadde kjørt å før. Etter kvart skjøna eg vel at eg ikkje hadde gått glipp av så mykje, det var bare lang veg og skog langs vegkanten. På Uleberg dukka det rett nok opp nokre jenter som hadde vore og bada, og Dåsvatnet låg fint i sola, men det var ikkje mange hus oppover dalen dei fyrste fire mila. Så kom vi til Røynli og ut på vegen mellom Kyrkjebygda og Bortelid, og då såg vi at det bare var eit par kilometer til Lognavatn, så vi tok turen nordover og rundt ein sving, så vida bygda seg ut.

På eit Åknes ute ved vatnet låg Lognavatn kapell og skein i sola, så eg tenkte på artikkelen eg hadde skrive http://www.setesdalswiki.no/wiki/%C3%85knes_kapell og tok turen ut på neset, der Reidun gjekk ut og tok eit bilete av kapellet, men så snudde vi og drog tilbake.

Like i krysset stod det ei campingvogn merka Petrusplassen, og Pieter og Mette sat utanfor og vinka til oss. Eg har vore med dei på Setesdalskonferansen 2009 og 2010, men i år var dei der ikkje, og no skjøna eg kvifor: Dei bur ikkje lenger i Setesdal. Det synte seg at dei flytta til Lognavatn i vinterferien, han driv serveringsstad på Bortelid etter å ha avslutta Møteplassen på Evje, som han dreiv tidlegare. Då var det betre å bu nærare jobben, så dei braut opp frå Hornnes og busette seg på Lognavatn.
http://www.setesdalswiki.no/wiki/Pieter_Ghering

Det vart ein hyggeleg prat og vi fekk oss dagens middag, som var fiskesuppe, deretter vaffel og cappuchino, så det var ein høveleg lunsj, sjølv om klokka var fire. Med god påfyll av mat heldt vi fram nordover og kom oss til Bortelid, der det er 1500 bueiningar i fritidsbustader. Ja, vi tok oss heilt over til Juvatn og såg oppover mot nordre enden av vatnet. Så snudde vi kursen sørover.