Aktiv sommar i Setesdal

Share

Når juli no startar, ser det ut til å verte ein sjeldan aktiv sommar i Setesdal, i alle fall om ein skal døme etter Setesdølen si temaavis 2011, som kom til oss i Mandal saman med Setesdølen nr. 50, 2011 tysdag. Eg høyrer at folk i Valle ikkje har fått den enno, det kan hende ho kjem med avisa i morgon. Den avisa vart distribuert i 117.000 eksemplar, og det er mykje om sommarleg kultur i Setesdal i den. Du kan sjå overskriftene på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesd%C3%B8lens_temaavis_juni_2011

Men ettersom du bare får med deg overskriftene, skal eg nemne litt av det som skjer den første veka i juli:
Hans Georg Kohler har utstilling på Setesdalsmuseet på Rysstad. Og Setesdalsmuseet har mange museum under hatten sin, alle er opne no i somar, på Evje og Hornnes Geomuseum på Fennefoss er det til og med ei utstilling som viser korleis Evje apotek såg ut for hundre år sidan. Då laga dei medisin sjølv. Og på Bygland tun er det ikkje omvisar i år, der kan ein i staden låne audioguide på fleire språk.

Sør på Rysstad, det som heiter Torvet, er det sommarmarknad. Sist i juli skal dei stille ut veterankøyrety.

Blueshelga på Ose 2. juli er legendarisk. Sjå plakaten på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Blueslaurdag_2011

På Byklestøylane er det minimarknad komande helg. Då kan ein smake Pauline Ryningen sine lefser laurdagen og Gudrun Rygnestad sine sundagen. Ingebjørg Byklum sel husflidsvarer og Torbjørg Gjerden glas og porselen, og laurdagskvelden er det konsert med Jan Engervik og Johan Egdetveit klokka 18.

Litt lenger oppe er det basar. Odd Dubland talar og syng på Hoslemo bedehus klokka 18, før han reiser til Sigurdsbustemna ved Hemla 3. juli. Der er han saman med Eivind Gjerde, og stemna startar klokka 12.

2. juli kjem pilegrimane som går frå Hovden fram til Røldal. Ein kan gå saman med dei frå Kaldevatn til Røldal og delta på pilgrimstreff der. Og frå 3.-10 juli er det sommarleir på KVS Bygland med opne møte.

Om ein held seg i den sørlege delen, kan ein dra på opninga av Bygdeutstillinga i Minne kulturhus i Åseral laurdag 2. juli. Der skal H.C. Hansen kåsere, og alle som har høyrt han i Norgesglasset, veit at det kan vere fornøyeleg.

Sjå sjølv på sistesdia i temaavisa til Setesdølen. Du vil verte overraska over alt som skjer.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *