Ayla

Share

Endeleg kom siste bok i serien om Ayla og livet i steinalderen. Den første kom på 1980-talet, den sjette og siste kom no i 2011. Eg har i grunnen gledd meg til boka, eg likte fortellinga om denne kvinna sitt strabasiøse liv. De hellige hulers land er tittelen, og eg bestilte den på Valle folkebibliotek då eg såg den kom, eg var den første på lista, men let ein annan lånar få den før meg, då eg var noko oppteken og godt kunne vente litt når eg først hadde venta så lenge.

Men no er eg i gang med dei 807 sidene, og sjølv om det er lenge sidan forrige bok, greip ho meg med det same og drog meg inn i forteljinga. Ayla, som har lært seg mykje naturmedisin og difor vert rekna som svært klok i samfunnet ho bur i, skal få ytterlegare opplæring. Denne prosessen fører henne til grotter med mange teikningar laga av folk før henne, langt inne i fjellet. Ikkje ville eg gått inn i slike holer, men dei levde jo meir i pakt med naturen og nytta naturen på ein annan måte den gongen, så det er kanskje ikkje så utenkeleg.

Uansett så er boka fengslande og vanskeleg å legge frå seg. Så ein del av pinsehelga og komande veke vil nok verte brukt på å kome gjennom den, det står visst fleire på ventelista, og dei bør og få høve til å lese den før vinteren kjem. Eg skulle til å seie før sola snur, men det skal nok litt til at så mange klarar å få lest noko i den før sola snur, det er jo bare eit par veker til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *