Bykle og Valle kunstlag si sommarutstilling 2011

Share

Alt før han reiste til Sunnmøre i desember, hadde Ånund K. Homme planar om sommarutstillinga til Bykle og Valle kunstlag sommaren 2011. I løpet av vinteren hadde det heile materialisert seg, så fredag var det annonse i Setesdølen og laurdag opna det heile med 88 kunstverk i dei to inste roma i Setesdal Husflidssentral. -Det fine med å bruke desse roma, pleier han å seie, er at ein slepp å organisere vakt, det er ein naturleg del av det som Husfliden tek seg av, og dei står og for salet.

Ved opninga var Inger P. Rysstad saman med Ånund K, og alt frå starten var det ein del folk innom. I grunnen var det eit godt sal og, minst fem bilete bytta eigar denne dagen. Dei fleste bileta var måleri, Olaug Åsen, Mona Ida Håvorstad Frøysnes, Birgit Flaten, Inger P. Rysstad, Tutta Berg og Kjærsti Aandahl stod for desse, og Anita Bjørkeli Svaler stilte ut fire foto. I tillegg hadde Inger tre rosemåla ting på lista si.

Denne fyrste dagen var det eit lite glas til alle som kom innom. Og måndag hadde Johs Bjørkeli eit intervju med Ånund K. i Fædrelandsvennen, så litt mediedekning har arrangementet fått. Eg skreiv ein liten artikkel om det på Setesdalswiki: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Kunstlaget_si_sommarutstilling_2011 No må eg skrive artiklar om alle sju utstillarane, det vil nok ta litt tid å få det på plass, akkurat som det tek tid å få artiklar om alle dei andre røde lenkene på Setesdalswiki. Men leksikonet runda 1400 artiklar i helga, så det veks smått og sikkert. Fylg lenka og sjå artikkelen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *