Feriefredag i Valle

Share

Etter Sankthansfest i Mykjedalen med elevar og barna deira vart det feriefredag i Valle. Eg gjekk ein tur på skulen, der har eg datamaskin eg kan bruke for å skrive litt på Setesdalswiki, og då kom det eit par nye artiklar i dag og. Reidun hadde trong for å snakke med folka på Husfliden, så me avtalte at me skulle få oss lunsj på Bergtun, og det var hyggeleg og godt.

Då me kom inn der, sat Leonhard Jansen og Ellen Svalheim der saman med to frå NRK som planlegg eit program om kulturlandskap i endring og som ville ha noko frå Setesdal i det programmet. Ellen har eg skrive om på bloggen før, eg møtte henne og Torjus Uppstad på Menighetshuset på Sauesjådagen for fem år sidan, i 2006. Her er lenka som fortel om det: http://valleradio.blogs.no/2006/10/08/til_ettertanke_pa_sauesjadagen~1199273/ Dagen etter skreiv eg om Søterot, også inspirert frå den same samtalen. Eg fann ikkje noko på bloggen om at eg hadde samtale med henne på telefonen i radioen, men eg synest å hugse det. Minnet mitt er nok noko eg ikkje skal skryte så mykje av, og å kjenne att folk er heller ikkje mi sterke side, så takk til Leonhard som fortalde kven han hadde med seg då dei braut opp.

Salat med kylling og is med frukt er godt, men det sit ikkje så lenge, så då det vart kveld, tok me turen til Sølvgarden for å få oss middag. Eg tenkte om me kanskje skulle kombinere det med eit besøk hos Anny og Knut Brokke, men då eg nådde Anny på telefonen, var ho i Polen med ei hjelpesending, så det vart ikkje noko av. Me gjekk heller ikkje ned på beach-party på Sølvgarden, måltidet var i grunnen nok i seg sjølv, nydeleg svinefilet med pommes frites til meg og fløtegratinerte poteter til Reidun. Då seig feriekjensla inn over oss, me har ferie og nyt å vere i Valle nokre feriedagar. Så no gleder me oss til gatefrukost i morgon og kryssar fingrar for godt ver, slik at innsatsen som sentrumsforeninga har gjort, kan føre til at folk frå fjern og nær møter opp laurdag 25. juni klokka 10.

Kva eg skreiv om på Setesdalswiki? Lurer du på det? Det var to korte artiklar, ein om Åraksbø og ein om eit vatn der, Strondevatn. Det fine med Setesdalswiki er at eg kan leggje ut eit kart som viser kor i geografien vatnet ligg, det er ikkje sikkert at alle som las annonsen om at det skulle vere fiskedag i regi av Bygland Jeger og Fiskarlag, visste kor vatnet var. Sjølvsagt kunne dei dra til Åraksbø og fylgje skiltinga, men no kan dei sjå det på Setesdalswiki. Sjølvsagt burde artikkelen vore der før arrangementet, men eg kan ikkje klare å få det til aleine, då må arrangørar og andre trø til og hjelpe for å få Setesdalswiki større og betre, slik at ein kan dekke trongen for slike artiklar. Men det kjem med tida, no har me halde på i vel to år og har om lag 1400 artiklar. Kan hende me har det dobbelte til min neste feriefredag i Valle.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *