Gatefrukost 2011

Share

For første gong skulle vi vere med på gatefrukosten i Valle, den pleier jo alltid vere etter at eg har teke ferie og difor er i Mandal. Men denne gongen hadde vi vore med på avslutning for elevane St.Hanskvelden, så tok vi fredagen til litt ulike oppgåver og vart så med på gatefrukosten.

Alt fredagskvelden var det ein stor aktivitet med rigging av sentrum med bord og stolar etter at butikkane stengde. Så fredagskvelden skreiv eg på bloggen frå Valle Radio-huset. Eg har jo ikkje internett der eg bur i Valle, eg sit på skulen eller i radioen for det meste.

Litt over klokka ti gjekk vi til sentrum, opninga var litt sein, men etter at Bjørgulv Sverdrup Lund hadde sagt nokre gode ord om gleda ved desse årlege arrangementa, vart det snart lang kø ved matbordet. Sjølv sat eg godt ved eit bord og kunne nye karamellar frå Valle Sparebank medan eg venta. Eit par av elevane kom og fekk plass ved bordet vårt etter at dei hadde funne seg mat, og vi prata litt med dei før eg fann plass i køen. Medan eg fann meg mat, kom Eivind Berg og kona Marit Forseth Berg og fann plass ved bordet vårt, og då fekk vi ein interessant samtale. Dei har hus i Berg i Valle og er jamnleg der. Men dagen etter skulle han reise til Kina, der han er einast nordmann på ein fabrikk som Metallkraft i Kristiansand etablerte der i 2009.

Som vekependlar følte eg meg noko liten, han reiste eit døger for å kome på jobb, så var han der seks til åtte veker, så kom han heim for ein periode, eg fekk ikkje med meg kor lang den var. Han hadde til og med begynt å lære seg kinesisk. Og så fortalde han at han budde i ein småby utanfor Shanghai, bare fem millionar menneske. Shanghai har 20 millionar. Han tok fly ned dit, og så tog til Yangzhou, eit tog som gjekk over 300 km i timen. Og det heldt ruta.

Eivind Berg prata og med dei burmesiske elevane som sat ved bordet vårt, og han var imponert over kor mykje norsk dei hadde lært på eit år, ikkje minst fordi han sjølv prøvde å lære seg kinesisk og derfor hadde erfaring med kor mykje arbeid ein må leggje ned for å lære seg eit nytt språk i vaksen alder. Om det høver slik, ville han gjerne vere med i Valle Radio ein gong til hausten når dei var i Valle. Eg gleder meg alt til å høyre han fortelje om det industrieventyret han har fått vere med på.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *