Godt med respons

Share

Eg snakka med Britta Lise i dag og me kom inn på emnet «Å få respons». Når ein held på med noko så triveleg som Valle Radio, er det av og til slik at ein tenkjer at alle andre skulle vere like opptekne av det som ein sjølv, og når ein kjem på jobb eller treffer folk dagen etter ei sending, skulle det drysse inn med kommentarar. Slik er det ikkje, og av og til tenkjer ein at ein nesten kunne gje opp, det er ikkje nokon som høyrer på likevel.

I slike situasjonar har me sagt til oss sjølve at det er heilt vanleg å ikkje få respons. Sjølv om det er hyggeleg å få det, må vi nok for det meste leve med at det mest bare er den som lagar programmet, som er særdeles oppteken av det. Andre går til og frå, og om dei set seg ned for å høyre, skal det likevel mykje til at dei snakkar om det dagen etter. Så er det desto gildare når det skjer og ein får respons.

Facebook har blitt eit populært medium. Eg trur at noko av grunnen til det er at ein kan trykke «liker» på eit innlegg. Då får den som har skrive noko, rask tilbakemelding, utan at ein treng å formulere tekst sjølv. Eg opplevde jo dette veldig godt då eg la ut nokre lenker på Facebook frå Setesdalstinget. Eg fekk nokre kommentarar på lenka til filmen om Riksveg 9: «Gul stripe til Hovden», og nokre som trykte «liker». Responsen gledde meg, naturleg nok.

Det er ikkje alltid så mykje som skal til, og mange aviser har og begynt med ein eller annan type «liker»-knapp i tilknytning til artiklar på Internett. Det er jo ein svært enkel måte å gje respons på, men den verkar.

Framleis er det nok mange som kan verte betre til å bruke ein slik «liker»-knapp, anten det er på Facebook, der det er knapp, eller andre stader, der ein kanskje må ty til andre måtar å gje respons på. Å få respons er godt både for profesjonelle og amatørar. Eg vil gje Valle Radio sin styreleiar honnør for å vere flink til dette og minne meg sjølv på at eg kan bli flinkare. Det er godt med respons.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *