Kongeleg avslutning

Share

Eg vart sitjande og sjå alt for lenge på Hurtigruten siste natta. Etter at det hadde vore ruskever med vind opp mot storm, stilna det heile og midnattsola kom fram att. Ein stor mengde folk helsa båten i Båtsfjord, som vert kalla Norges største fiskevær med 2000 innbyggarar. Eg lurer på om det var der dei tilsette på sjukestua var på kaien med plakat om at dei trong sjukepleiarar. Smart måte å fortelje om det på, spør du meg.

Stoppa i Finnmark er ikkje lange, då fortener nok Hurtigruten namnet sitt. Eg fann lugaren då midnattsola skein over Makkaur fyr, men hadde eit klart ønske om å vere på plass for å få med meg innspurten, så halv åtte var eg atter på plass og fylgde innseilinga til Vardø. Der fekk eg sjå kyrkja eg var i då eg besøkte sjømannsmisjonsforeninga der for mange år sidan. Museumsbåten Kjartan med eit kor ombord fylgde båten til hamna, og då stemte koret opp med song. Brannbilen på flyplassen helsa båten med ein sprut, og plutseleg var vi på farten att, no med fleire bilar som køyrde ombord.

Så kom finalen, fyrst med at kapteinen hadde ein prat med Jens Stoltenberg, som sa at han og hadde fylgt med turen på TV. Deretter kom reiseverten på callinganlegget og fortalde at folk burde gå på dekk for å helse Kongeskipet Norge, som dei snart ville møte. Dei gode linsene fanga inn skipet, der mannskapet stod på dekk, offiserane på øverste dekk. Ikkje så lett å halde matroskragen på plass i vinden, men dei stod stramme og venta på Hurtigruten. På bakerste dekk var Dronning Sonja, ho vinka til oss slik alle har gjort som har møtt skipet. Ho skulle til Vadsø, der dei skulle opne noko, etter det eg fekk med meg.

Inn mot Kirkenes var det både eit Orion-fly som helsa oss, og etter kvart og eit helikopter som filma, slik at vi kunne sjå då skipet gjekk mot kaien, med fullt av småbåtar rundt, mellom anna grensevakt-båtar. Også hjer var kaien stuvande full av folk som helsa skipet velkomne til Sør-Varanger kommune og til Kirkenes.

Og så var reisa slutt. 2,5 millionar nordmenn har sett deler av programmet på TV. Ein halv million har vore innom nettsidene til NRK for å sjå, eg trur dei sa det hadde vore innom sjåarar frå 156 av dei 176 landa i verda, eller noko slikt.

Halv elleve var det over, fem dagar med ei festreis eg er glad eg fekk vere med på, om enn bare på TV. Eg har fylgd med litt på Twitter og Facebook og dermed fått ein litt ekstra dimensjon. Det blei sagt at dette truleg var fyrste gong sosiale medier vart teke i bruk til å gje tilbakemelding medan programmet gjekk, og tips om musikk som kunne passe, vart fylgd opp fleire gonger. Etter Båtsfjord, der Mannssangforeninga frå filmen Heftig og begeistret stilte på kaien, song dei (frå plate) Å eg veit meg eit land. Eg hadde no likt om dei hadde slutta av heile programmet med eit kor på kaien til å syngje Ja, vi elsker dette landet, men det var vel for mykje å forlange. Men det var det som sat att til slutt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *