Meditasjonsfjernsyn

Share

Eg har blitt sitjande framom TV det meste av kvelden og store deler av dagen. Meditasjonsfjernsyn kalla Berit Rekve programmet Hurtigruten minutt for minutt som går på NRK 2 desse dagane, og er opplever det på same måten. Eg har reist norskekysten frå Stavanger til Kirkenes, og her får eg gjenoppleve både kysten og havnene. I kveld var det Hurtigrutens Dag i Rørvik og 2000 på kaia i den lille kystbyen der det bur 2700. 130 båtar med kanskje tusen menneske i båtane og; eit yrande liv. Så starta Helgelandsferda.

Ein himmel i dei finaste fargar, midnattsol og nesten blankt hav. Så lokkar dei med Torghatten, ekstra runde ut for å sjå holet i fjellet denne fine sommarkvelden. Ikkje rart om folk ikkje klarar å rive seg laus. Og på ferda inn til Brønnøysund er det igjen ei rekke båtar ute for å fylgje Hurtigruta inn mot hamna.

Då vi budde på Stokmarknes, var Hurtigruta viktig for oss. Sørgåande gjekk rundt klokka fire om ettermiddagen og møtte nordgåande i Svolvær, så vi kunne ta gjester med på tur gjennom Raftsundet, anten på nordtur eller sørtur eller begge deler. Og vi nytta båten når vi skulle til Bodø eller heim att, fly gjekk fortare, men Hurtigruta var ei oppleving.

Eg les på kommentarfeeden at det er mange som set pris på programmet på NRK2, nokre lurer på kva som gjer at dei gløymer å sjå på program dei hadde tenkt å sjå på. Thor Bjarne Bore twitra med eit Bjørnson-sitat: Som Bjørnson ville sagt det: Kjør langsomt, thi vi kommer tidsnok frem. Og sjølv om dei er forsinka til Brønnøysund, så langt eg kunne sjå på eit bilete frå eit kamera med telelinse var det mykje folk ute og venta på båten, sjølv om klokka er eitt før båten er inne. Det stod fullt av folk på brua utanfor byen.

At folk vil få lyst til å reise på cruise med Hurtigruten etter dette programmet, det trur eg nok. Reklame for det vakre landet vårt er det etter mi meining. Så kan ein minnast opplevingar og reiser ein sjølv har hatt.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *