Meir frå Åseralsturen – og litt til

Share

Så gjekk turen til Kyrkjebygda. Vi svinga inn i bygda og der låg jo Lorden’s Kro. Vi kan jo få oss middag der, sa eg, men fyrst må vi sjå kva det huset der er. -Det er Minne kultursenter, der skal dei opne Bygdeutstillinga neste helg, sa Reidun, ho les Lindesnes Avis og var godt orientert.

Vi svinga tilbake til Lordekroa, og sjølv om dei hadde teke bort buffeten, svinga dei opp med Løvsteik og pommes frites med heilt nylaga salat til. Kroa hadde til og med bokutsal, eg trur det var gamle bøker frå folkebiblioteket, men det var ingen der som interesserte meg, så eg sparte dei 30 kronene ei bok kosta.

Før vi forlet Åseral, måtte vi bort og ta nokre bilete. Vi svinga bortom kyrkja, fekk eit bilete av den, eit av bedehuset og eit av Betania til Den frie evangeliske forsamling før vi vende nasen nedover dalen og snart var vi på kjende trakter ved Sveindal. Ein buss frå Setesdal Bilruter tok oss att og køyrde forbi oss, og vi hadde vår fulle hyre med å halde fylgje. Han svinga bortover mot Byremo, så var vi høveleg åleine nedover mot Bjelland.

Ofte varierer eg med å køyre Mandalen oppover når eg har vore heime i helgene. Nokre gonger tek eg over frå Bjelland til Hægeland, andre gonger køyrer eg heilt til Sveindal og kjem ut på Setesdalsvegen på Hornnes. Uansett så har eg lagt merke til skiltet som står på Hesså: Adventure. Ettersom vi var på tur, svinga vi bortom for å finne ut kva det var.

I enden av vegen møtte vi ein hyggeleg tyskar som lurte på om han kunne hjelpe oss. Ettersom han ikkje snakka norsk, vart det engelsk som vi kommuniserte på. Då følte vi oss som ordentlege turistar. Eg fortalde at eg hadde køyrt forbi skiltet ofte og lurt på kva det var for noko.

-Ein engelsk soldat på øvelse kom på fylla og vart teken hand om av ei norsk jente, og sidan har han vore her, fortalde den smilande tyskaren. Diverre kunne vi ikkje møte han denne dagen, for han var nett ferdig med Hessåfestivalen, det hadde vore 400 på festivalen, og han var stuptrøytt og hadde teke kvelden.

-Kva er det for slags Adventures de driv på med? spurde eg

-Vi driv med rafting og padling og elgsafari, sa han. -Du er norsk, så du har sikkert sett elg, men tyske turistar elskar det. Så låner vi ut kanoar til folk som vil padle, køyrer dei til ein stad der dei kan finne bilen når dei er ferdige, køyrer dei tilbake og ønskjer dei god tur. Så hentar vi kanoane når dei kjem fram. Men rafting trur eg ikkje høver for deg, smilte han. Eg måtte seie meg enig med han, takka for informasjonen og sette kursen mot Mandal.

Turist i eige land, på ein heilt vanleg tur mellom Valle og Mandal.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *