Mot avslutning i Kirkenes

Share

Også denne dagen har vore prega av Hurtigruten minutt for minutt på NRK2. I dag har det vore Finnmark som har vore tema, og eg såg at på ein av dei stadene der det er vaksenopplæring for utlendingar, hadde dei brukt programmet som grunnlag for undervisning dei siste dagane. Det trur eg at eg og ville gjort om skulen framleis hadde vore i drift, men i Valle slutta vi torsdag, same dagen som denne happeningen starta. Eg veit ikkje om elevane mine har fått med seg noko, men sjølv har eg kost meg med sendinga. Ho vekker minner, sjølv om det er svært lang tid sidan eg reiste heile strekningen med båt på Finnmarkskysten. Det var ein gong mellom 1972 og 1976 då eg var redaktør av Fiskerens Venn og besøkte fiskarheimane som Den indre Sjømannsmisjon hadde i Honningsvåg, Berlevåg og Vardø. Vinterstid var veret ikkje så lyst som det har vore i dag, men dønningar gyngar både sommar og vinter. Det er nok meir komfortabelt å fylgje det heile frå sofaen heime, men det har jo vore eit yrande leven på land.

Kaka tok Honningsvåg, som for lenge sidan, før dei ante om TV-programmet, hadde planlagt å feire kommunen sine 150 år denne dagen. Ordførar frå Færøyane, Hummer brannbil med vannkanon som bare brukte 12 liter på eit skot, men som hadde effekt på 1200 liter. Brannbilen var komen til kommunen i samband med tunnelen som går under havet og bind øya saman med fastlandet. Men hittil hadde det ikkje vore brann i tunnelen, og han som demonstrerte vidunderet vona det aldri kom til å bli bruk for han til det han var planlagt for.

Og så delte Rica-hotellet i Honningsvåg ut torsketunger med remulade til alle like før avgang, som jo var forsinka etter at passasjerar hadde vore på Nordkapp og sett ut i tåkehavet og teke bilete av kvarandre ved Nordkappmonumentet. Ein kunne verte svolten av mindre.

Om ein no droppar resten av Austhavet og legg seg i rimeleg tid, kjem ein seg kanskje opp i morgon tidleg tids nok til å få med seg avslutninga på turen. Så eg trur eg sluttar her og prøver på det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *