Rådyr frokost

Share

Då vi åt frokost i dag, såg vi eit rådyr på Fidja. Det gjekk så adstadig og beita at vi lurte på om det skulle ha kje. Ofte pleier rådyrkje å trykk i enga når ein slår graset, så det kunne høve. Etter kvart tok det seg over bekken, drakk litt, nippa til gras og plutseleg stoppa det. Då vi skulle sjå, var kjeet der og fekk melk. Det hadde lege stille og venta i buskaset på Fidja, det er mange år sidan det vart slått der, så buskas er nok eit betre ord enn gras.

Dermed var overskrifta til bloggen i kveld, eg kunne ikkje dy meg for å lage ordspelet. Geita hadde bare eitt kje i år såg det ut til, og det fylgde henne tilbake over bekken og etterkvart forsvant dei inn i skogen. Seinare såg vi dei lenger oppe på jordet.

Eit slikt syn gjer at vi heller smiler litt over solbærtreet som gjekk ad undas i vinter etter at rådyret hadde vore og gnagd borken av det. Eller blomane som får duge som mat av og til. Rådyret sin frokost kan vere så mykje. Men målet er å overleve og å gje liv til eit nytt kje, eller helst to. Eitt såg det ut til å vere i år. Og då kan det gå ut over hagane både hjå oss og naboane når vinteren er på det strengaste.

Vår frokost var av det enklare slaget i dag. Vi droppa egget, men kaffi er jo godt når ein sit slik saman på morgonen før dagens ulike gjeremål tek til. Så var det litt kjøtpålegg og litt brunost, plent som ein vanleg dag da. Men med rådyropplevinga vart ein vanleg frokost noko ekstra. Ein telefon til barnebarn og nokre ord med dei er heller ikkje å blåse av Kristi Himmelfartsdag. “Tenk om hele vide verden hadde det så godt!”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *