Sommardag og Setesdalswiki

Share

1. juni er starten på sommaren, i alle fall etter kalenderen. Etter gradestokken kan ein nok diskutere det, for 13 grader er ikkje så mykje å kalle sommar. No heiter det at Mai kulde gjør bondens lader fulde, men når det no er juni, kunne den stive nordavinden godt gje seg.

Men dagen er ein merkedag for meg, same kva temperaturen måtte vere. I dag henta eg ein bærbar datamaskin på Databutikken på Evje, plent ny. Tanken er at eg skal kunne bruke den når eg er ute og skal skrive på Setesdalswiki. Til no har eg stort sett skrive på stasjonære maskinar når eg har vore heime eller på jobb, men no vil eg kunne skrive når nokon inviterer meg på besøk og vil fortelje om bedrifta si eller andre aktuelle emne.

Eg har vel etter kvart skjøna at mange synest det er vanskeleg å skrive på Setesdalswiki. Difor har eg sagt at eg kan kome på besøk og skrive om eg får ein invitasjon. Sjølvsagt må det passe inn i det eg elles held på med, men eg vil ha høve til å svinge innom av og til når eg er på tur opp eller ned i Setesdal.

Det beste for å få sving på dette regionale leksikonet ville vore at fleire vart med på skrivinga. Då ville veksten kome fortare og dermed interessen for prosjektet auke. Særleg kunne det vore fint å få fleire til å skrive i datoartiklane om aktivitetar som skjer. Om dette kom i gang, kunne vi kanskje dekke det som har vore prøvd å få til, ei nettside der ein kan finne ut om aktuelle hendingar i Setesdal. Dei forsøk som har vore gjort med å få til noko slikt før, har stort sett stranda fordi folk må sende informasjon til ein person som legg det ut på ei nettside. På Setesdalswiki kan alle skrive inn sine arrangement på aktuell dato. Dei kan og sjølv oppdatere informasjonen om det skjer endringar.

Siste månaden har det kome over hundre nye artiklar på nettstaden, så Setesdalswiki veks. Om vi klarar å halde dette nivået framover, vil nok vere avhengig av at fleire vert med på å skrive.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *