Ulike reiser

Share

I kveld skriv eg med suset frå Hurtigruta i øyrene. Du trur vel at eg er på tur, men eg sit i Valle som eg pleier. Grunnen til suset er at på NRK2 sender dei programmet Hurtigruta minutt for minutt, verdas lengste TV-program. Det starta i kveld, og skal gå i 5,5 døgn. Det er ei oppleving å sjå det, og etter det eg ser på twitter og Facebook, er eg ikkje aleine om å sjå på det heller. Alt no, bare få timer etter at dei starta, har dei passert store cruiseskip og små kyst-tankbåtar, og naturen er fascinerande.

I dag fekk eg overraskande besøk av bror min og kona. Dei var på veg frå Ålgård til Oslo og tok indre vegen, ettersom Suleskarvegen er open no. Det var veldig hyggeleg at dei stoppa her ein time, og vi fekk ein god prat. Dei var på biltur, og tenkte at det var godt å strekke på føtene i Valle. På Hurtigruta kan ein strekke føtene kva tid ein vil, så det er jo to ulike reiser og heilt ulike opplevingar.

Å køyre over heia til Sirdal er jo ei oppleving i seg sjølv. Eg møtte Gunlaug Tveiten på biblioteket i dag, ho hadde vore med på turen som Fagforeninga hadde for dei tilsette i pleie og omsorg til Flor og Fjære i går. Ho sa akkurat det, å køyre over heia er ei oppleving. Å kome til parkanlegget i Ryfylke er ei heilt anna oppleving, det blømer i kvar krik og krok.

Eg nytta forresten høvet til å skrive om Gunlaug på Setesdalswiki. Det vart ein innhaldsrik liten tekst, du kan lese den her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Gunlaug_Tveiten Ho er hjelpepleiar og aktivitør. Det høvde forresten slik at eg og skreiv om ein annan hjelpepleiar og aktivitør i dag, Anne Helle Hagen. http://www.setesdalswiki.no/wiki/Anne_Helle_Hagen Utanom jobben spelar ho religiøse folketonar på hardingfele, og Tone Å. Rysstad syng, så dei reiser til aldersheimar og kyrkjer og framfører musikk.

Ulike reiser, ulike opplevingar. Den som reiser, har noko å fortelje, vert det sagt. Å høyre folk som har vore på reise, fortelje i Valle Radio, gjev ofte interessante radioprogram. Kanskje du skal ut på ei reise i sommar og har noko å fortelje om i Valle Radio til hausten. Tenk på det og gje meg eit ord om du har lyst til å fortelje om ei reise du har gjort.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *