Vesterålen i midnattsol

Share

I natt hadde vi ei av dei finaste nettene eg kan hugse å ha hatt i Vesterålen. Det var midnattsol frå Hurtigruteskipet Nordnorge kom ut av Raftsundet og på heile turen gjennom Vesterålen. På Stokmarknes stilte fire mannskor opp og song Midnattsol, ein sang som vart skriven på Storheia, der TV-masta står, lenge før masta kom opp. Eg såg Bjørnar og Dag Jostein og fleire andre kjente, fleire hundre menneske klokka to på natta.

Mindre vart det ikkje timen etter, då båten kom til Sortland. Opp Sortlandssundet i strålande sol og inn til kaien der det var fullt av folk. Det var korpsmusikk både her og der, og dans og sang i sommarnatta. På Sortland stilte dei og med ei solid samling veteranbilar.

I Risøyhamn hadde dei eit alternativt opplegg, der hadde eit rockeband rigga seg til med heavy metal eller noko i den sjangeren, eg er ikkje så sikker på kva dei heiter, alle desse sjangerane. Over alt var det små båtar ute og helsa Hurtigruten, dei var ikkje alltid like vituge, men til no har turen gått bra, sjølv om åtvaringane mot å krysse framanfor Hurtigruten har vore ignorerte av mange.

Eg har og fylgd #Hurtigruten på Twitter. Det verkar som om det ikkje bare var meg som hadde problem med å rive seg laus frå skjermen, og målingane som kom i dag, synte jo at det var tilfelle. Programmet Hurtigruten – minutt for minutt har blitt ein kjempesuksess som ingen hadde sett for seg. I kveld var det til og med på Dagsrevyen, der dei som har stått for prosjektet, stadfesta at dei ikkje i sin villaste fantasi kunne tenkt seg suksessen.

I kveld får eg ta det litt meir roleg, det er grenser for kor lenge ein kan sitje oppe, sjølv om det heiter at ein ikkje skal sove bort sommarnatta, ho er for ljos til det.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *