Almind kirke

Share

I dag var eg på besøk i Almind kirke i Danmark. Ikkje fysisk, men gjennom eteren fekk eg med meg gudstenesta frå denne vesle steinkyrja frå 1100-talet, sjå bilete her http://www.panoramio.com/photo/25323952 og artikkel på dansk wikipedia
http://da.wikipedia.org/wiki/Almind_Kirke_%28Viborg_Kommune%29

Gudstenestene i Danmark startar klokka 10, og Niklos hadde sendt meg oversikt over alle radiogudstenestene frå Danmark i 2011 som ei sommarhelsing denne veka, så eg tenkte eg fekk prøve å finne fram til Danmarks Radio på parabolantennen min, det er sjeldan eg høyrer radio der, men det var jo ikkje å forakte. Du kan sjekke høgmessa ut sjølv ved å gå til denne sida, der ligg det podcast. Der står og salmene oppført. Eg hadde jo likt å kunna lese den preika, for det var ei god preike som ein gjerne kunne grunne på. Presten Inge Mader Jensen via ein del av talen til situasjonen rundt terroraksjonen i Oslo og på Utøya, og det var interessant å få eit perspektiv frå nabolandet i sør.

I tillegg er gudstenestene i Danmark meir etter det som vi tradisjonelt kjenner som gudstenesteliturgi, i Danmark har ikkje reformane vore så kraftige som i Norge. Sjølv om salmemelodiane tidvis er annleis enn våre, slik det var på Kjærlighet er lysets kilde (den står ikkje på salmelista på DR-sida) så er det kjensleg liturgi samstundes som eit anna språk gjer at ein vert merksam på skilnadene.

Og så har dei tid til å få med seg orgelmusikken til slutt, eg tenkjer nok at Niklos likar det, eg gjer det i alle fall. Så om du ikkje har noko anna føre sundag klokka 10, kan ein runde til Danmark via parabolen anbefalast.

Kringsatt av fiender

Share

Denne sangen har blitt mykje brukt den siste veka, men for oss som har folkehøgskulebakgrunn, er det ingen ukjent sang. Han har hatt ein stor plass i røsla både på dei kristelege og dei frilynde follkehøgskolane, og han er å finne i den danske folkeskolesangbogen også. PÅ You Yube er det ein video der den danske sangeren Kim Larsen framfører sangen med både patos og engasjement, sjå http://www.youtube.com/watch?v=n2xndNNnDwM

Det var ein artikkel i Vårt Land om sangen etter at han var blitt brukt som salme under messe for sorg og håp sist sundag i Oslo Domkirke. Dermed tenkte eg at eg kunne skrive ein artikkel på Wikipedia om sangen, men den var alt laga. http://no.wikipedia.org/wiki/Til_Ungdommen

Sangen er altså skriven i Søgne, i Ny Hellesund, der Nordal Grieg var sommaren 1936 og vart framført som dikt i Studentersamfundet i Oslo. I 1952 fekk den melodi av den danske komponisten Otto Mortensen, og den er kome med på ei rekke plater, mellom anna på plata Kråkeviks songbok. OG Herborg Kråkevik framførte sangen i samband med blome- og fakkeltoget i Oslo tysdagskvelden.

Eg trur nok mange av oss vil knytte sangen til desse hendingane i framtida.

Sommar

Share

Nokre dagar med sommar er godt, men då eg såg på TV i dag og såg korleis ein kunne fiske i ein gulrotåker, skjøner eg at for bøndene er det meir grunnleggjande å ha ein så regnfull sommar enn for meg, som har eit liv ved datamaskinen å ty til. I går runda Setesdalwiki 1500 artiklar, og prosjektet veks sakte, men sikkert. Etter kvart har eg gitt opp trua på at det kan bli artiklar om alle som står på val til kommunestyra i år, men ein del har eg då fått på plass, og det har vore godt å ha noko slikt å halde på med i sommar.

Blometog

Share

I staden for fakkeltog var det i kveld blometog i Oslo og fleire andre store byar. Eg har i grunnen vore klistra til TV-ruta desse dagane om eg skal seie noko om meg sjølv. Eg har prøvd å lese litt på Internett, men ei kjensle av avmakt har gjort at eg meir har late TV2 og NRK velje for meg enn at eg sjølv har leita fram informasjon på nettet.

Ikkje minst er eg imponert av TV2 som har lagt bort reklamen og sender nyhetskanal på hovudkanalen med oppegåande journalistar som dekkjer hendingane både i Oslo og på Utøya på ein måte som gjer at eg får mykje informasjon i ein situasjon der trongen for informasjon er stor.

Denne helga var Sigumund på Blink-festivalen i Sandnes, der ski-eliten har rulleskirenn. Han nytta høvet til ein tur til Ålgård for å besøke farmor, det var ganske lenge sidan sist han hadde vore innom henne sjølv om han hadde vore på den kanten av landet fleire gonger utan å ha hatt tid til å stikke innom. Ho var svært glad i telefonen då vi snakka om det..

Dei sportslege aktivitetane i Sandnes vart etter kvart avlyste, men då nedrigginga var ferdig laurdag, gjekk det ikkje fly tilbake til Oslo, så han måtte vente til sundag. Vel komen heim fekk han bare nokre timar fri før han måtte på jobb att, hendingane hadde nærast støvsugd marknaden for folk som kunne halde kamera og sportskanalen hans vart engasjert til å formidle hendingane til heile verda.

Saman med dei andre mediefolka har han gjort ein stor jobb for å få ut informasjon om hendingane og interessa frå heile verda har vore stor. Å sitje og fylgje med frå reportasjane har fjetrande og gripande på same tid. Eg har knapt vore innom Internett i denne tida, og dei få gongene eg har vore der, har bare vore nytta til å lese litt, bloggen har vore stille og Setesdalswiki har heller ikkje fått nye artiklar. Der står det 1499, artikkel nr. 1500 skulle vere Setesdølen for fredag, men den måtte og vente.

For oss rundt om i landet som ikkje er direkte råka av hendingane, normaliserer livet seg litt etter kvart. Nokre må på jobb, slik at hjula kan svive, andre startar ferie og dreg på tur, slik planen har vore. Vi får inn i den siste fellesferieperioden med bileta av blometog mot terror i medkjensle med offer og pårørande.

Eksplosjonar og skyting

Share

Det er stor skilnad på eksplosjonar og skyting på film og i det verkelege livet. I dag fekk vi eit eksempel på det. Det som vert omtalt som ei bombe, eksploderte utanfor regjeringskvartalet og pulveriserte fasadar og vindu både i offentlege bygningar og i nabobygningar. Etter kvart kom det fram at det var sju døde og mange skadde, nokre av dei var hardt skadde.

Og så gjekk det bare kort tid, så kom det melding om skyting på Utøya. Eg visste ikkje at det var så mange som 6-700 på desse leirane, men eg skjøner jo betre kvifor Arbeidarpartiet sine toppar prioriterer arrangementet, dei når mange unge frå heile landet på ein og same dagen. Det gjorde drapsmannen og, etter det eg veit no, var det ti som vart tekne av dage der denne fredagskvelden.

Uverkelege hendingar begge stadene. Eg lurer på om det er nokon eg kjnner, det gjer vel dei fleste. På facebook og twitter er det mange som har skrive og kommentert hendingane. Alle er vi sjokkerte av det vi har sett på TV, og sjølv om det same kjem om att og om att, sit vi som fjetra.

Sjølv sat eg og fylgde med på Tour de France då meldinga kom på TV2. etter kvart vart heile sykkelrittet flytt til TV2 Zebra og hendingane i Oslo overtok i hovudkanalen. Når ein tenkjer på TV2 si satsing på sykkel og at dette tre vekers sykkelrittet i dag hadde sjølve kongeetappen, seier det noko om kor alvorleg hendingane i Oslo vart opplevde. Det var vel knapt ei mil att av løpet då det måtte vike plassen, og tvekampen om gul skjorte, ungdomstrøye, klatretrøye og kva dei no heiter, alle saman, måtte vike.

Det får stå sin prøve, hendingane i Oslo var dramatiske og vil bli ståande. Etter kvart kom det ein artikkel om det på Wikipedia, sjå http://no.wikipedia.org/wiki/Anslagene_i_Norge_2011 Eg kunne ikkje anna enn late meg imponere over kor omfattande artiklane vart etter kvart. Både kart og bilete kom på plass temmeleg fort.

På Setesdalswiki vart det derimot stille. Dagens arbeid stoppa på 1499 artiklar, og om ikkje nokon andre skriv i løpet av natta, vil vi få artikkel nr. 1500 i morgon. Truleg vert det artikkelen om dagens Setesdaølen. Den som lever får sjå.

Bare blåbær 2

Share

Eg skreiv om blåbær i går, og eg trur eg held fram i dag. Diktet Blåbær-lid av Arne Garborg må jo med når ein skal leite fram blåbær i litteraturen:

Blåbær-lid
Nei sjå kor det blånar her!
No må me roe oss, kyra!
Å nei, slike fine bær;
og dei som det berre kryr a»!
Nei makan hev eg kje sét!
Sùmt godt her er då til fjells.
No vil eg eta meg mett;
her vil me vera til kvelds!

Å nam-nam, so søtt og godt!
Ja når det slik seg lagar! –
Og allestad blått i blått!
Her hev eg for mange dagar.
Slik smak so frisk og so fin!
Eg er som på kongens slott.
D’er plent som den beste vin;
å nam-nam, so søtt og godt!

Men kom no den bjørnen stor!
– Her fekk bli rom åt oss båe.
Eg torde kje segja eit ord
til slik ein rysjeleg våe.
Eg sa berre: ver so god;
no må du kje vera blug!
Eg læt deg so vel i ro;
tak for deg etter din hug.

Å nam-nam, so søtt og godt!
Ja når det slik seg lagar! –
Og allestad blått i blått!
Her hev eg for mange dagar.
Slik smak so frisk og so fin!
Eg er som på kongens slott.
D’er plent som den beste vin;
å nam-nam, so søtt og godt!

Men kom no den bjørnen stor!
– Her fekk bli rom åt oss båe.
Eg torde kje segja eit ord
til slik ein rysjeleg våe.
Eg sa berre: ver so god;
no må du kje vera blug!
Eg læt deg so vel i ro;
tak for deg etter din hug.

Men var det den reven raud,
so skuld» han få smaka staven;
eg skulle banka han daud,
um so han var bror til paven.
Slikt skarve, harmelegt sleng!
Han stèl både kje og lamb.
Men endå so fin han gjeng
og hev korkje agg hell skam.

Men var det den stygge skrubb,
so arg og so hol som futen, –
eg tok meg ein bjørkekubb
og gav han ein god på snuten.
Han reiv sund sauir og lomb
for mor mi so trådt og tidt;
ja sant! um han berre kom,
so skuld» han so visst få sitt.

Men var det den snilde gut
der burte frå Skare-bròtet, –
han fekk vel ein på sin trut, –
men helst på ein annan måte.
Å tøv, kva tenkjer eg på!
Det lid nok på dagen alt …
Eg må til buskapen sjå; –
ho Dokka drøymer um salt.

Dei som hastar opp fjellsidene i Tour de France har nok ikkje tid til å sjå etter blåbær, men det var så mange i den store gruppa som vert kalla gruppetto at dei får vere med i morgon og. For ein Tour det har vore! Truleg heilt utan blåbær for alle saman.

Bare blåbær

Share

Visste du at Setesdalsbanen vart brukt til å frakte blåbær?

I boka Blåbær av Anette Rattfel, Simen Lunøe Pihl og Peter Nyblom står det på side 160: Fra Setesdalen og bygdene lengre sør gikk bærene med Setesdalsbanen til Kristiansand.

Og videre:

I Nationen fra 1. september 1920 kunne man lese: Veldig bæreksport fra Aust-Agder. 11500 kurver med blåbær ble sendt med D/S Blenheim. Bæreksporten fra Aust-Agder er kommet opp i ca 110.000 kurver.

Eg veit ikkje korleis blåbæra veks i Setesdal i år, men for nokre dagar sidan var Reidun på Skjernøy eit par timar saman med Håkon, og dei kom heim med ei bøtte med blåbær. Saman med pannekaker vart dei rørte blåbæra eit svært godt måltid.

Den boka eg nemnde er ei slik flott bok som er komen ut på Bokvenne forlag no i sommar. Her finn vi blåbæras kulturhistorie og 100 oppskrifter med blåbær. Det burde vere ein høveleg bursdagsgave for folk som fyller år i juli, gjerne saman med ei korg med nyp0lukka blåbær. Så kan ein lage smoothie og blåbærmuffins og pannekaker og marengs med blåbær. Forfattarane har samla inn oppskrifter frå nord og sør. Boka er eigentleg ei svensk bok som er tilpassa norske tilhøve, og det er ei interessant bok, der dei har funne stoff om blåbær både i litteratur og næringsliv. Mellom anna frå eit dikt av Halldis Moren Vesaas frå samlinga Treet, som kom i 1947:

Siste dagen i fjellet

Så var det slutt. Ein sommar til var gått
og dagen komen da vi skulle heim att alle.
Forutan sol låg fjellet, sløkt og grått,
og bjørka lét det siste lauvet falle.

Vi hadde gjort oss ferdige og tok på veg,
den lange veg til dals ned gjennom glisne lier.
Det skrall i steinet veg av harde hestesko-steg.
No kjem vi ikkje att på lange tider.

Eg reiv i farten nokre blåbær opp og åt.
Enn lever i meg som ei beisk-sval kjelde
den smak av frosne bær og tappert nedsvelgd gråt,
den siste smak av sommaren i fjellet.

Blåbær fungerer både som mat og som lyrikk.

Ferietid og på bloggen

Share

Det ser ut til at det er ferietid og på bloggen, for nå er det gått nokre dagar sidan eg skreiv her. Siste gong var torsdagskvelden, då fortalde eg om turen til Byrkjedalstunet, der Kjell Ingolf feira bryllup fredagskvelden. Setesdølen hadde vigd heile agurknytt-sida til hendinga i fredagsnummeret, der avisa og drog fram lått og løye frå Setesdalstinget i vår, der han fekk kåtleiksprisen, ein noko improvisert heider som konferansier Styrk Fjærtoft Trondsen hadde med seg til arrangementet.

Her heime i Mandal fekk vi besøk av Sigmund og Margaret i helga, dei avslutta ferien hos oss etter å ha vore det meste av turen i Sveits og Frankrike. Vi fekk til og med ein billedkavalkade, i våre dagar slepp ein jo å vente på framkalling og slikt, og ettersom Reidun var framsynt då vi fekk oss nytt fjernsyn, har vi no eit apparat som kan koplast til datamaskinen og gjev alle høve til å sjå. Takk for både besøk, framsyning og alt det andre dei hadde med seg og delte med oss desse dagane. Reidun samlar på fingerbøl, Håkon talde opp over 120 ulike, og når borna har vore på tur, kjem det gjerne eit nytt i samlinga.

Men i dag drog dei innover til Oslo att, alle saman. Dei som hadde tidleg ferie er no ferdig med ferien, dei som har sein ferie, er så vidt komne i gang. Med regn som piska rutene i dag, tok barnebarn og foreldrene deira turen til Sørlandsbadet. Der måtte dei stå ein time i kø for å kome inn, så mange hadde tenkt same tanken. Men det verka ikkje som om det gjorde så mykje, då dei kom heim, fortalde dei om ein triveleg dag. Dei hadde til og med fått gratis is av ein eller annan grunn. Så livet er ikkje så ille, sjølv om det regnar denne sommaren. Det var jo og naudsynt om magasina skulle fyllast opp att. Vona kunne no vere at dei ikkje tømde dei like mykje eit anna år som dei gjorde i år, men det er vel for mykje å håpe på. Det må vel ein lov til før dei som styrer det systemet, skjønar at vi godt kan redusere profittjaget og heller sikre sjølvforsyning og mindre bruk av kolkraft frå samkøyring og produksjon andre stader.

Byrkjedalstunet

Share

I går vart det ikkje bloggskriving, for vi tok ein Ålgårdstur. Mor på 93 år var målet for turen, og halv eitt stod ho klar for å vere med til Byrkjedalstunet for å ete middag. Det var ei stund sidan eg hadde vore inne der, og endringane hadde gjort staden meir praktisk. Det er ein av dei best besøkte turiststadene i Rogaland, eigentleg litt rart, for i grunnen er det ikkje noko anna her.

Når Kjell Ingolf Ropstad og Arnbjørg Vedelden har blitt vigde i Ivesdal kappel fredag 15. juli klokka 14.00, skal dei ha selskapet her, etter det eg las i Setesdølen tysdag. Dei vil få god mat i særprega miljø, vi hadde kjøttkaker, (halv porsjon til mor (det hadde vore nok mat til to dagar, sa ho) og vanleg porsjon til Reidun) eg hadde steikt aure med ein nydeleg salat til og Helge hadde strimlar av Hereford. Alt saman var godt og greitt. Like før vi kom, hadde det vore ein Haga-buss med ei gruppe, men det dei hadde sett att, vart fort rydda bort.

Medan vi sat der, fortalde mor om at ho i 1940 hadde sove i desse bygningane, som då var meieri. Ho var på sykkeltur til Sirdal med vener, og første dagen sykla dei frå Figgjo til Byrkjedal. Og sjølv om ho hadde køyrt forbi mange gonger, trudde ho knapt at ho hadde vore innom og hatt seg mat der nokon gong. Så det vart ei ny oppleving for henne. Etter å ha overnatta, sykla dei vidare til Valevatn, der dei overnatta på ei turisthytte. Dette var krot tid etter krigshandlingane i 1940, men turen gjekk utan problem. Dei sov på turisthytta og neste dag vart dei rodd over vatnet for å ta fatt på ein ny etappe. På Tonstad, der dei deltok på eit misjonsstemne, sette det inn med veldig regn. Då låg dei i telt, og det vart ei våt oppleving, så siste del av stemnet fekk dei liggje på golvet i ei stove.

Damene fekk seg ein tur inn i lysbua, men me droppa det denne gongen, og snart var me på tur utover att. Ein stopp på Gjesdal Spinneri er vel helst påkrevd på ein slik tur, og noko nytt garn har nok funne veg inn i samlinga no, der er vel helst mor og svigerdotter like. Etter tre timar var me heime att, og snart vart det kaffi og pannekaker med nyrørt blåbærsyltetøy til kaffe og ein triveleg prat.

I godt lag går tida fort, og ettersom vi ikkje hadde planlagt overnatting, måtte vi etter kvart tenkje på retretten. Den gjekk i noko rolegare trafikkbiletet enn turen vestover hadde gjort, og eg var heldig og slapp å køyre, for eg oppdaga undervegs at eg hadde lagt att både førerkort, bankkort og Coop-kort heime, Så det eg trudde skulle bli eit kupp på Coop Moi, vart til vanleg pris og måtte betalast med kontantar. Slik kan det gå. Vel heime sa eg til meg sjølv at eg heller ville blogge om turen i dag, enn å gjere det når ein etter kvart var blitt trøytt nok til å ta kvelden. Men sanneleg vart det kvelden før det la seg til rette for å skrive i dag og. God natt!

The Jore’s

Share

The Jore’s er ei musikkgruppe frå USA som har namn og slekt i Valle. Torsdag har dei konsert i Valle kyrkje, country gospel er kan hende stilen deira, dei som høyrde gruppa spele på sentrumsfrokosen i fjor, veit det betre enn eg, for eg har ikkje høyrt dei, og får ikkje høve til å høyre dei i år heller. Men eg skreiv artikkel om dei på Setesdalswiki, den kan du lese her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/The_Jore’s

Det var ikkje så lett å finne informasjon om dei, dei har ikkje prioritert å vere til stades på Internett, som mange andre musikkgrupper eg har skrive om. 15 av 1470 artiklar på Setesdalswiki er om musikkgrupper. Dei fleste har eg funne informasjon om i Setesdølen og på Internett, slik var det med The Jore’s og, men der var det lite å finne på Internett. Hadde det ikkje vore fordi dei spelte på noko som heiter Deutschesfest i Odessa, hadde eg truleg gitt opp. Men dei har vore på denne festen i staten Washington, og der fann eg omtale av gruppa. Odessa er ein stad med tusen innbyggarar, men Deutschesfest samlar tusenvis av tyskætta frå store område, kanskje på same måte som Norsk Høstfest i Minot, som Valle Radio sin styreleiar Ørnulf Hasla har vore med på i ei årrekke.

Ein svært talentfull og musikkglad familie, The Jore’s. Så eg skjøner eg går glipp av noko, men heller ikkje i år har eg høve til å få høyre dei. Så klokka 20 torsdag 14. juli, då er tida inne for ein tur i Valle kyrkje. Eg kan bare ønske lukke til.