Jubel og besøk

Share

Eg kunne ikkje anna enn å juble litt då Thor Hushovd med eitt sekunds margin sikra seg den gule trøya i Tour de France. Ikkje minst ettersom han hadde klatretrøya på lån denne dagen. På første etappe enda han som nummer tre, og dermed fekk han låne trøya denne dagen. Som de skjøner, Tour de France er eit program å fylgje, om ikkje minutt for minutt, så i alle fall ein del av tida.

Då det programmet var slutt, var det fotballkamp, norske damer mot brasilianske. Det gjekk ikkje så godt, eg irriterte meg over at dei brasilianske damene på ingen måte spelte frøkenfotball, men skubba og sleit meir enn menn hadde fått lov til.

Like før Dagsrevyen tok til, kom ein telefon frå ein Wikipediaskribent på sørlandstur. Han lurte på om eg var heime og hadde høve til at han kom på besøk. Det hadde eg, og ein halvtime etter kom ei DIGER campingvogn ned bakken der vi bur. Eg dirigerte han inn på plenen og snart sat vi benka i stova og snakka saman som om vi hadde kjent kvarandre i årevis. Han hadde vore på Landskappleiken i Seljord og tenkte at når han var på desse kantar, kunne det vere høveleg å svinge innom meg. Så lasta han over 450 bilete som han hadde teke der og sa eg gjerne måtte bruke det som høvde på Setesdalswiki. Så eg lurer no på om eg må utvide siktemålet for Setesdalswiki til å gjelde både Setesdal og folkemusikk. 🙂

Eg skreiv forresten om Daniel Sandén-Warg på Setesdalswiki i dag. Eg hadde jo håpt at han skulle gå til topps og få med seg Kongepokal heim, det hadde vore eit artig slumpetreff om så hadde skjedd. Det gjorde det ikkje, men artikkelen ligg no der, og biletet var det min wikipediakamerat som tok: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Daniel_Sand%C3%A9n-Warg

Eg gleder meg over at Setesdalswiki veks, det er ingen mangel på stoff å skrive om. Frode Inge, som var på besøk hos meg i dag, sa at han gledde seg over det han las der,så eg måtte bare bruke bilete han har teke. Det kjem eg til å gjere etter kvart som eg får artiklar på plass. Takk for både besøk og bilete.