Setesdal Husflidssentral

Share

Setesdal Husflidsentral har no fått artikkel på Setesdalswiki, og Britta Lise Homme hadde bilete, så artikkelen har fått to bilete. Opp gjennom åra har Randi Gåserud Myrum ofte vore i Valle Radio og fortalt om aktivitetar dei har på Husfliden, så eg syntest det var på tide å skrive litt om emnet her på bloggen og. Om du går inn på artikkelen http://www.setesdalswiki.no/wiki/Setesdal_Husflidssentral kan du finne ut om det manglar noko som burde vore med.

Men grunnen til at eg skreiv om Husfliden i dag, er nok at eg held på å fylle ut røde lenker i artikkelen om Kunstlaget si sommarutstilling 2011. Eg har ein tanke om at det kan vere ein fordel for utstillinga, og eg vil gjerne hjelpe Ånund K. Homme på min måte. Han og Nella har vore inspirasjonskjelder for meg i dei 20 åra eg no har vore i Valle (kom hit i august 1991, så det manglar vel ein månad). Ånund er pensjonist, men har heile si pensjonisttid halde fram med kulturaktivitetar i bygda, og i år slo utstilling til med betre sal enn på lenge, trass i at medlemstalet i kunstlaget sjeldan har vore så lågt som no.

Sommaren 2011 kan godt brukast til å skrive på Setesdalswiki, så eg skriv litt innimellom. Men i dag måtte eg sjå Thor Hushovd sykle i gul trøye i Tour de France, så det vert lange avbrekk. Ettersom det norske damelandslaget sparka fotball i kveld, vart det litt fotball og. Slik rullar dagane med ymse gjeremål. Det eg held på med, kan ikkje leverast for sal på Setesdal Husflidssentral, men vonleg kan det gjere folk i Setesdal meir kjende med kva som rører seg i bygdene, både kven som bur her og kva dei held på med.