Politikarar på Setesdalswiki

Share

Eg må nok sjå i augo at det neppe blir blått i blått på listene til dei politiske partia på Setesdalswiki. Eg hadde ei von om at vi saman kunne ta ein dugnad før valet, slik at folk kunne gå inn på Setesdalswiki og lese om kandidatane. Eg trur dei fleste listene er der, men det er i grunnen bare Evje og Hornnes Høyre som har fylgt opp med informasjon om kandidatane. Dei har lagt informasjon ut på internettsidene sine, og etter avtale med Inger Juvastøl kan eg hente stoff der for å skrive små biografiar på Setesdalswiki. Det som står på Høgre-sidene, passar i ein politisk samanheng, men eg tek bort ein del av det politiske stoffet når eg skriv inn artiklane på Setesdalswiki, slik at det blir meir biografisk og leksikalsk profil.

Til no er det blitt 10 av 19 på Høgre-lista i Evje og Hornnes. Eg har og fått nokre artiklar om KrF-lista i Valle, men elles er det nokså tynt med artiklar om politikarane. Med tanke på at det er to månader til valet, trur eg ikkje det går å nå dei ambisjonane eg hadde i vår då eg starta å leggje inn listene.

Ikveld skreiv eg om Tom Roger Øydne, han står langt nede på Høgre-lista, men i næringslivet er han ein tungvektar. I 2002 starta han konkurrenten.no etter å ha bygd opp Sørlandsruta Touring frå 0 til 15 tilsette på ti år. Han hadde eit mellomspel då han budde i Oslo og jobba for Norway Bussekspress, men sidan vart det Evje, der det no jobbar 65 personar i 45 årsverk med busselskapa konkurrenten og Risdal Touring. Les sjølv om han her: http://www.setesdalswiki.no/wiki/Tom_Roger_%C3%98ydne