Tenk om Setesdalswiki vart meir brukt

Share

Tenk om folk i Setesdal ville bruke Setesdalswiki til alt den nettstaden kan brukast til. Bare fantasien set grenser. No ligg det ganske mykje stoff der, det nærmar seg 1500 artiklar, og for kvar ny artikkel som kjem, veks nytteverdien for denne informasjonskanalen ved at hyperteksten vert betre og betre. (Hypertekst er namnet ein nyttar for å seie noko om lenkene i leksikonet, dei gjev lesaren høve til enkelt å gå frå artikkel til arikkel.)

I dag fann Helge ein måte å legge inn ein heil årskalender, slik at det er mogleg å få oversikt over dager der det ikkje er artiklar, ikkje bare i løpet av ein månad, men for eit heilt år. Setesdalswiki er spesiell på den måten i høve til wikipedia, som skil mellom dag og årstal. Ved å ha dei saman, vert det ei unik oppslagstavle for akkurat den dagen, og det gjev høve til å legge inn ein aktivitetskalender for eit lag eller ei forening. I og med at kven som helst kan redigere, kan informasjonen oppdaterast når det er trong for det utan at ein må sende det til ein ansvarleg som skal gjere det på vegne av deg. Du kan gjere det sjølv. Lenke til kalendersida ligg i venstremargen, med eitt klikk har du heile kalenderen på plass, og eit nytt klikk gjev deg datoen du vil legge inn informasjon på.

Når eg legg inn hendingar i kalenderen, er det som oftast hendingar som er omtalt i Setesdølen. Men det er jo ikkje noko krav at det skal vere hendingar som er annonsert eller omtalt der. Om laget eller foreninga di har ein møteplan, kan den leggjast inn. Og når du skriv ein artikkel om laget eller foreninga di, kan du lage ei lenke der du legg inn møteplanen for laget for eit semester eller eit år. Til dømes kan Valle bygdekvinnelag ha ei lenke som heiter Valle bygdekvinnelag – Møteplan 2011, så lagar du ei lenke for denne teksten og skriv inn heile møteplanen for 2011 der. Og slik kan alle lag og foreningar i Setesdal ha si eiga side med møteplan. I tillegg kan ein altså no leggje det inn på den aktuelle datoen. Tenk om nokon hadde teke det i bruk for hausten 2011!