Byrkjedalstunet

Share

I går vart det ikkje bloggskriving, for vi tok ein Ålgårdstur. Mor på 93 år var målet for turen, og halv eitt stod ho klar for å vere med til Byrkjedalstunet for å ete middag. Det var ei stund sidan eg hadde vore inne der, og endringane hadde gjort staden meir praktisk. Det er ein av dei best besøkte turiststadene i Rogaland, eigentleg litt rart, for i grunnen er det ikkje noko anna her.

Når Kjell Ingolf Ropstad og Arnbjørg Vedelden har blitt vigde i Ivesdal kappel fredag 15. juli klokka 14.00, skal dei ha selskapet her, etter det eg las i Setesdølen tysdag. Dei vil få god mat i særprega miljø, vi hadde kjøttkaker, (halv porsjon til mor (det hadde vore nok mat til to dagar, sa ho) og vanleg porsjon til Reidun) eg hadde steikt aure med ein nydeleg salat til og Helge hadde strimlar av Hereford. Alt saman var godt og greitt. Like før vi kom, hadde det vore ein Haga-buss med ei gruppe, men det dei hadde sett att, vart fort rydda bort.

Medan vi sat der, fortalde mor om at ho i 1940 hadde sove i desse bygningane, som då var meieri. Ho var på sykkeltur til Sirdal med vener, og første dagen sykla dei frå Figgjo til Byrkjedal. Og sjølv om ho hadde køyrt forbi mange gonger, trudde ho knapt at ho hadde vore innom og hatt seg mat der nokon gong. Så det vart ei ny oppleving for henne. Etter å ha overnatta, sykla dei vidare til Valevatn, der dei overnatta på ei turisthytte. Dette var krot tid etter krigshandlingane i 1940, men turen gjekk utan problem. Dei sov på turisthytta og neste dag vart dei rodd over vatnet for å ta fatt på ein ny etappe. På Tonstad, der dei deltok på eit misjonsstemne, sette det inn med veldig regn. Då låg dei i telt, og det vart ei våt oppleving, så siste del av stemnet fekk dei liggje på golvet i ei stove.

Damene fekk seg ein tur inn i lysbua, men me droppa det denne gongen, og snart var me på tur utover att. Ein stopp på Gjesdal Spinneri er vel helst påkrevd på ein slik tur, og noko nytt garn har nok funne veg inn i samlinga no, der er vel helst mor og svigerdotter like. Etter tre timar var me heime att, og snart vart det kaffi og pannekaker med nyrørt blåbærsyltetøy til kaffe og ein triveleg prat.

I godt lag går tida fort, og ettersom vi ikkje hadde planlagt overnatting, måtte vi etter kvart tenkje på retretten. Den gjekk i noko rolegare trafikkbiletet enn turen vestover hadde gjort, og eg var heldig og slapp å køyre, for eg oppdaga undervegs at eg hadde lagt att både førerkort, bankkort og Coop-kort heime, Så det eg trudde skulle bli eit kupp på Coop Moi, vart til vanleg pris og måtte betalast med kontantar. Slik kan det gå. Vel heime sa eg til meg sjølv at eg heller ville blogge om turen i dag, enn å gjere det når ein etter kvart var blitt trøytt nok til å ta kvelden. Men sanneleg vart det kvelden før det la seg til rette for å skrive i dag og. God natt!